Formlar som fungerer
André Øvredal har etablert seg som heilstøypt sjangersmed i USA.
Michael Garza og Zoe Margaret Colletti har to av hovudrollene i Øvredals nye skrekkfilm.
Foto: imdb.com
Skrekkfilm
Regi: André Øvredal
Scary Stories to Tell in the Dark
Med: Zoe Margaret Colletti, Michael Garza, Austin Zajur
Det er allehelgensaftan 1968. Stella (Colletti) og kameratane er nerdar som skal hemne seg på ekle mobbarar som plar stele snop. I tumultane blir dei kjend med Ramón (Garza), ein kjekk kar som folk skular på, sidan han kjem utanfrå.
Dei fire forvillar seg inn i ein stor, stengd villa som skal vere heimsøkt av skrømtet til innestengte Sara, som fortel historier dei lyttande neppe lever til å høyre slutten av. Skribentspira Stella finn boka hennar, og skumle historier manar fram ekte mareritt i mørket.
Nerdehemn
Scary Stories to Tell in the Dark er basert på populære forteljingar av Alvin Schwartz. Guillermo del Toro sikra seg tidleg illustrasjonane av Stephen Gammell til filmversjonen, og solide dataanimasjonar gjer monstra skikkeleg ekle. Saman med regissør André Øvredal har del Toro sydd saman historiene til ein skrekkfilm som ber sin eigen logikk. Stella er stjerna, medan alle ber om at dei ikkje står sentralt i neste soge.
Etter kjekk leik med norsk mytologi i debuten Trolljegeren, viste osingen Øvredal stil som sjangerregissør i USAs støypeskei med The Autopsy of Jane Doe. No tar han nye steg under rettleiing av del Toro. Dei er to gode nerdar som elskar filmhistorie. Det ser ein av ei mengd av inspirasjonskjelder, frå plakatar på jenterommet til drive-in-kino med Night of the Living Dead av George Romero. Kunnskap er makt, og å forme forteljingane er den perfekte hemn mot dei mektige for einsame jenter med skarp penn.
Forteljarform
Tidskoloritten er prikkfri. Opningsscena er fengjande effektivt fortalt medan «Season of the Witch» av Donovan rungar med stemning og rytme. Skodespelartruppen har karakter og kvalitet. Historia hintar til miljøsynder, vietnamkrig og framandfrykt utan å mate publikum med teskei, sjølv om filmen er mynta på eit ungt publikum.
Ei klar regle blir likevel repetert: «Historier sårar. Historier lækjer.» Kva historier vi fortel om oss sjølve, skapar oss. Sjølv underhaldande film frå Hollywood er ikkje harmlaus. Øvredal tar form som solid forteljar og er blant dei beste til å lage sjangertru skrekkfilm no.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det er ein svir å oppleve korleis den bokelskande Matilda tar eit oppgjer med vonde rektor Trunchbull.
Foto: Grethe Nygaard, Rogaland Teater
Festleg framsyning av musikalen Matilda
Matilda har i årevis gjort suksess som musikal. No også på Rogaland Teater.
Den tsjekkiske nasjonalromantikaren Antonín Dvořák (1841–1904).
Grått og keisamt
Bestion mislukkast i å modernisera Scarlatti og Dvořák.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB
Ein endrar ikkje naturen med talemåtar
Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.
Foto: Kari Anette Austvik / NTB
Frå bridgeverda: Svidd utgang
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.