Film
Formelsamlinga
Hollywoodmaskina resirkulerer litt artig action for nye nostalgiske nerdar.
Phoebe (Mckenna Grace) jaktar på skrømt.
Foto: Kimberley French / Columbia Pictures
Phoebe (Grace) er ein nerd etter læreboka. Ho ser ut som ein tolv år gamal Timothée Chalamet med obligatoriske briller. Når ho, mora (Coon) og den enkle broren (Wolfhard) blir kasta ut fordi dei er blakke, fer dei til Summerville i Oklahoma.
Der har bestefaren nett døydd etter å ha levd som einstøing på ein falleferdig gard. Han hadde preika om undergang og skrømt. Snart dukkar sistnemnde opp. Phoebe kan nok om både seismologi, elektronikk og mekanikk til å ta opp kampen.
Gamal gøy
Idétørken i Hollywood er som kjent total. Ghostbusters: Afterlife er eit resultat av fantasiløyse, nostalgi og næringsvit. Etter at forsøket på å vekke til live franchisen med ein feministisk vri blei ein finansiell katastrofe i 2016, er vi no tilbake til full mimring med klare trådar frå klassikarane frå 1984 og 1989.
Bestefaren til Phoebe var ein original ghostbuster. På sommarskulen ser dei Child’s Play på VHS. Burgarsjappa i neon med servitørar på rulleskøyter får mora til å seie: «Eg visste ikkje at slikt fanst lenger.»
Dei tekniske duppedittane er mekaniske, frie for digital estetikk. Takk og pris. Og kven skal ein ringe når skrømta kjem flygande? Dan Aykroyd! Slikt fungerer føreseieleg godt for meg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.