Formelbasert godstemning
Om du elska Downton Abbey, kjem du til å elska Downton Abbey.
Penelope Wilton spelar Isobel Merton og Maggie Smith Violet Grantham i den nye filmen om Downton Abbey.
Foto: Ben Blackall / Focus Features
Drama
Regi: Simon Curtis
Downton Abbey: En ny æra
Med: Maggie Smith, Michelle Dockery, Elizabeth McGovern, Hugh Bonneville
Kinofilm
Det viser seg at lady Grantham (Smith) har arva ein villa i Sør-Frankrike. Samstundes vil ein regissør spela inn film på Downton Abbey, og begeistring og skepsis oppstår.
Lunta
Det verkar som manusforfattar Julian Fellowes og regissør Simon Curtis har lyfta armane i vêret og proklamert: «Ja, me lagar utelatande romantiske kostymedrama resten av karrieren.» Med seriar som The Gilded Age og Belgravia er det i ferd med å skli heilt ut i rotne tomatar-land, medan gjengen frå serien Downton Abbey luntar vidare på si lettvinte, men underhaldande ferd mot generasjonsskifte, både hjå herskap og tenarar.
Interessa for historiske periodedrama avtek tydelegvis aldri, jamfør moderne seriar som Bridgerton, som går sin sigersgang med sesong to i desse dagar.
Eskapismen
Det kan kanskje forklarast med at folk alltid har hatt lyst på eventyr der prinsesser og oskeladdar finn saman til slutt. Trongen til å drøyma seg vekk er stor og evig, då er det fint om eventyra i det minste fungerer nokolunde. Og det er akkurat det den siste mjølkerunden av Downton Abbey-kua gjer.
Utruleg nok har ein klart å samla dei aller fleste av skodespelarane som har vore med sidan starten på suksesserien, som fyrste gong vart send i 2010. Den mest imponerande er utvilsamt Maggie Smith i rolla som tough love-matriark lady Grantham.
Filmskaparane har makta å gjenskapa stemninga og romantikken nok ein gong, så her er ingen grunn til å styra unna kinosalen om ein er i humør for ein dose britisk overklasse, fine kostyme og ufarleg drama. I desse traudige krigsdagar kan ein gjerne trenga litt snipp, snapp, snute.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Foto: Hatem Khaled / NTB
Krasnik og eg
Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.