Forgløymmegei
Kanadisk-libanesiske Memory Box er vakker, rørande, aktuell, kreativ og kanongod.
Åleinemor Maia (Manal Issa) (t.h.) bur i Montreal saman med tenåringsdottera Alex (Paloma Cauthier) og bestemor, som var ung under borgarkrigen i Libanon.
Foto: Haut et Court / Abbout Productions
Drama
Regi: Joana Hadjithomas, Khalil Joreige
Memory Box – en historie om kjærlighet (Orig.tit.: Memory Box)
Med: Manal Issa, Rom Turkhi, Paloma Vauthier
Kinofilm
Tenåringen Alex (Vauthier) bur saman med mora Maia (Issa) og bestemora i Montreal. Rett før jul kjem ein stor kasse på døra. Han er frå den avdøde barndomsvenninna til Maia. Medan bestemora helst vil gøyme sorga, snokar Alex. Ho finn tallause minne frå då mora var på hennar alder under borgarkrigen i Libanon.
Bilete, songar og små tekstar fortel om ei rebelsk jente som levde livet fullt ut. Alex fantaserer om livet i eit fjernt Libanon og ei mor ho trudde ho kjende.
Inderleg idérik
Memory Box er basert på ymse restar frå livet til dei to regissørane frå åttitalet, som notatbøker, foto, kassettar og kinobillettar. Kunstnarane kombinerer det beste frå dokumentarfilm med ein framifrå straum av fantasi og fiksjon i eit mektig drama.
Arkivbruken og blandinga av stilar og format mellom smeltande celluloid og chat på smarttelefon, er gyseleg godt gjennomført. Alt er estetisk elegant og innfallsrikt. Vi vekslar i tid og stad som i ein draum. Forholdet mellom mor og dotter, tenåring og bestemor er realistisk og vart skildra. Det intime balanserer perfekt med vissa om den overveldande historiske relevansen filmen har.
Eg vil leve
Det handlar om å leve. Det handlar om å elske. Det handlar om vennskap, død, om generasjonskløft og om flukt til framande land. Dei dansar til Blondie og Kim Wilde mellom bomber og snikskyttarar. Dei dansar for livet.
Ein kan ikkje unngå å tenkje på kor aktuell denne forteljinga er. Tankane flyg til Jemen, Ukraina og Syria. Eg kan ikkje førestille meg ei meir levande skildring av det å vere ung når krigen breier om seg. Skal ein flykte eller krige? Ei seier: «Eg vil leve.»
Filmen er full av glede og kjærleik, som gjer at kjenslene treffer sterkare. Eg hugsar ikkje sist eg grein så mykje. Eg vil minnast Memory Box.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Alt er estetisk elegant og innfallsrikt.
Fleire artiklar
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Sofi Oksanen er av dei forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.
Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons
Vald mot kvinner som våpen
Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.