Forfriskande forferdeleg
Det er greitt å bli mint på kva skikkeleg dårleg film er.
Robert de Niro spelar bestefar til Peter, som vert spelt av Oakes Fegley.
Foto: Ben Rothstein / Norsk Filmdistribusjon
KOMEDIE
Regi: Tim Hill
I krig med bestefar (Orig.tittel: The War with Grandpa)
Med: Robert De Niro, Oakes Fegley, Uma Thurman
Kinofilm
Ed (De Niro) hamnar i trøbbel etter å ha tapt kampen mot ein betalingsautomat. Dottera Sally (Thurman) gjev han eit tilbod han ikkje kan seia nei til, og han flyttar inn hjå familien hennar. For å få plass blir barnebarnet Peter (Fegley) forvist til loftet, som om han ikkje hadde nok med å vere fersking på ungdomsskulen. Snart byrjar ein løynd krig mellom Ed og Peter.
Låg list
Opningsplansjane til familiekomedien tyder på film frå lågaste hylle. Kan røynde Robert De Niro ro det i land? Nei. Det er så eg saknar den skuffande The Irishman. Eg rekk å tenke at De Niro tar kvalitetsmessige kvileskjer, slik Christopher Walken pla gjere med B-filmar rett på video. Så dukkar Walken opp! Eit rart metahøgdepunkt. Verre er det med Uma Thurman. Som kvinne på femti er ho forvist til ei rolle som broderande, tyrannisk mor. Det må ha kravt stenge instruksar frå regissør Tim Hill å kue talentet.
Riv
Skodespelet er generelt grotesk, med barnestjerna Oakes Fegley som største syndar. Musikken er grufullt generisk. Slapsticken er høgfrekvent og av låg kvalitet. Eit sentralt tema er ny teknologi.
Eg er i målgruppa for sympati med mannen som hatar overdriven digitalisering og elskar papiravis og vinyl. Vitsane om sånt går diverre fort ut på dato. Desse luktar mugg. Ein vis mann sa at om du legg lista lågt nok, riv du ikkje. I krig med bestefar er unnataket som stadfestar regelen. Så dårlig film er sjeldan vare.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det er ein svir å oppleve korleis den bokelskande Matilda tar eit oppgjer med vonde rektor Trunchbull.
Foto: Grethe Nygaard, Rogaland Teater
Festleg framsyning av musikalen Matilda
Matilda har i årevis gjort suksess som musikal. No også på Rogaland Teater.
Den tsjekkiske nasjonalromantikaren Antonín Dvořák (1841–1904).
Grått og keisamt
Bestion mislukkast i å modernisera Scarlatti og Dvořák.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB
Ein endrar ikkje naturen med talemåtar
Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.
Foto: Kari Anette Austvik / NTB
Frå bridgeverda: Svidd utgang
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.