Forferdeleg flott
Stilisten Hlynur Pálmason får det beste ut av den vakre vulkanøya Island og kolonimakta Danmark.
Mot slutten av 1800-talet vert presten Lucas (Elliott Crosset Hove) send til ein avsidesliggande del av Island.
Foto: Maria von Hausswolf / Ymer Media
Drama
Regi: Hlynur Pálmason
Vanskapte land (Orig.tit.: Vanskabte land)
Med: Elliott Crosset Hove, Ingvar Sigurdsson, Victoria Carmen Sonne
Kinofilm
Den danske presten Lucas (Hove) skal få bygd den fyrste kyrkja aust på Island på 1800-talet. Saman med ei gruppe leidd av staute Ragnar (Ingvar) og ein tolk legg han ut på ferda austover frå det tettare busette vest. Med på turen er eit stort kors som Ragnar synest hadde vore lettare å frakta som ved, og eit fotokamera på storleik med to små telt. Lucas skal dokumentera islendingane.
Førebiletleg
Vanskapte land har utspring i dei fyrste bileta frå austsida av Island. Ein prest tok dei. Utgangspunktet vitnar om ein filmskapar som legg vekt på vakkert komponerte bilete. Hlynur Pálmason er ein sånn. Debuten Vinterbrødre (2017) blanda kalksteinsfabrikk og snø i eit blendande uttrykk. En hvit, hvit dag (2019) hadde òg poetisk kraft i bileta.
Maria von Hausswolff stod for foto på båe. Det gjer ho òg på den tredje langfilmen til den stilsikre regissøren. Arbeidet hennar er formidabelt. Ho har filma med god gamal 35 mm filmrull i smalt 4:3-format. Det kler forholda og forteljinga. Naturen ruvar. Dramatiske fjell og kraftfulle elvar er enorme kulissar for følgjet av fåmælte menn. Mykje minner om tradisjonelle westernfilmar. Nådelaus natur trugar like mykje som interne konfliktar.
Nykolonialisme
Representanten for kolonimakta er som slike gjerne er: ovmodig, vankunnig, veik og farleg. Elliott Crosset Hove har eit urovekkjande oppsyn og er skremmande god. Det er Ingvar Sigurdsson som nemesisen Ragnar òg. Her er han endå meir urislending enn i hovudrolla i En hvit, hvit dag. Stemninga er trykt, men no og då glimtar filmen til med humor. Ein hund som fekk ein høgst fortent Palm Dog i Cannes, løftar humøret, men elles kjem skeive smil helst med mørkt blikk på kulturkollisjon mellom danskar og islendingar.
Hlynur gjekk på filmskule i Danmark. Etter den danske debuten var den andre filmen frå heimlandet. Her er dei to i intens klinsj. Danmark er dominant og respektlaus. Island står steilt imot. Kolonialistisk valdsmakt går hand i hand med kyrkja.
Eg kvepp når Ragnar seier at mora snakka dansk på søndagar. Det kling universelt frå nye nasjonalstatar på 1800-talet frå Skandinavia via USA til Patagonia.
Skjeringa mellom kunst og dokumentasjon i fotograferinga til Lucas er både historisk spennande og aktuell. Den guddommelege naturen er mektig. Kunsten, kyrkja og kolonialismen er fruktbar mark for store forteljingar og friske blikk i endå ein framifrå film av Hlynur Pálmason.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.