Film
Forelska i forsking
Forskingshistorie og feminisme er i fokus i ein formsterk romanse med framifrå skodespel.
Kate Winslet spelar hovudrolla som paleontologen Mary Anning.
Foto: Selmer Media
Paleontologen Mary Anning (Winslet) strevar og grev etter fossil på sørkysten av England tidleg i 1840-åra. Hardt arbeid og høgt kunnskapsnivå sikrar verdifulle funn som menn sidan presenterer på musea i London. Ein entusiastisk forskar dumpar den slappe kona Charlotte (Ronan) hjå Mary og mora (Jones) for at ho skal ta inn sjøluft og bli frisk. Eit samansett forhold får utfalde seg mellom dei to kvinnene.
Lødig lyd
Det første som slår meg med Ammonite, er det uvanleg presise lydbiletet. Raslande småstein og drønnande dønningar får fullt spelerom i kinosalen. Filmen er lågmælt, men det gjer større effekt. Snuttar med søt musikk blir brukte ein sjeldan gong for å poengtere romantikk.
Dramaet mellom kvinnene blir bygd sakte opp. Dette er langt frå lågpanna kjærleik ved første blikk. Dei to i hovudrollene fungerer godt i lag og viser spennvidde og styrke. Kate Winslet har knapt vore betre, med ustrigla framtoning og heiderleg skitne arbeidsnevar.
Arge uttrykk i andletet er på sin plass i rolla som hardnakka vitskapsmenneske som er sett til side fordi ho er kvinne. Saoirse Ronan er spak og bleik, men kviknar til etter kvart, og held som vanleg høgt nivå.
Forskar først
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.