JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Forboden kjærleik i Kenya

Noko er rote i Kenya, viser Rafiki, utan å dvele sterkt nok ved den lesbiske tematikken.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Filmen om eit lesbisk par er no forboden i Kenya.

Foto frå filmen

1728
20181116
1728
20181116

Drama

Regi: Wanuri Kahiu

Rafiki

Med: Samantha Mugatsia og Sheila Munyiva

To jenter forelskar seg i kvarandre i den første filmen frå Kenya med internasjonalt styrke. Ikkje berre er det ei historie om forboden kjærleik – no er filmen òg forboden i Kenya. Frå eit vestleg perspektiv er det ingenting nytt med historia: Det er ein klassisk Romeo og Julie-tematikk om to personar som ikkje kan få kvarandre. Men Rafiki – ordet tyder «ven» på swahili – er sprita opp med fargesprakande foto, popmusikk og rask klipping. Det siste er eit gjentakande problem utover i handlinga: Regissør Wanuri Kahiu dveler ikkje lenge nok i enkelte scener og hoppar for raskt inn i neste bilete. I ei forteljing som er avhengig av «emosjonell katarsis», blir filmspråket for fengande og lett. Dermed får filmen aldri det klimakset han kunne fått på eit emosjonelt plan.

Det er likevel ein forfriskande film. Settinga og kjensla av livet i Kenya kjennest autentisk og sannferdig. Ikkje minst gjeld det dei to hovudpersonane, Kena (Samantha Mugatsia) og Zika (Sheila Munyiva), som ber filmen. Særlig i den innleiande fasen av relasjonen deira, er skodespelet truverdig og ømt. I eit land der homofili er forbode, er det naturleg nok mykje krut i ei skildring av lesbisk kjærleik. Hadde Kahiu dyrka historia mellom Kena og Zika tydelegare, hadde ho treft ein sterkare nerve. Ei anna regissørblemme Kahiu gjer, er å gi oss falske plottlovnader. Korleis det går i den lokale valkampen mellom fedrane til Kena og Zika, blant anna, får vi aldri vite.

Sondre Åkervik

Sondre Åkervik er frilans kulturjournalist og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis