Film

For lite å ruta med

Sjokkeffekten er vanskeleg å skapa når ein veit kva som skal koma.

Rutete Ninja og Asgeir i farten.
Rutete Ninja og Asgeir i farten.

Komedie /
animasjon

Regi: Anders Matthesen og Thorbjørn Christoffersen

Rutete Ninja (orig. tit.: Ternet Ninja)

Norske stemmer: Herman Flesvig

Ein feilsydd Ninja-bamse frå Thailand hamnar i armane på ungdomsskuleguten Asgeir. Når han vaknar til live, skal både barnearbeidarar og fæle klassekameratar hemnast.

Nye kniper

Oppfølgjaren til den smått kontroversielle danske animasjonsfilmen Terkel i knipe (2004) har hatt store forventningar i heimlandet. Manusforfattar, regissør og komikar Anders Matthesen følgjer same formelen: banning, vald, sex – alt saman langt over kanten. Det er nesten så eg håpar folk trur det er ein uskuldig barnefilm og tek med dei prektige små på denne totalt upassande filmen.

Så er han like full av faen og frivol som fyrstefilmen? På ein måte er han jo det, så eg klarar ikkje heilt seia kva som gjer at eg ikkje er like oppglødd, men eg skal ikkje sjå vekk frå at overraskingsmomentet med Terkel i knipe gjorde at eg vart noko overrumpla den gongen. No forventar eg jo at alt skal vera dysfunksjonelt, grovt og grensesprengande.

For korrekt

Som i fyrstefilmen er alle stemmene lesne inn av éin person, og her må eg seia at Aksel Hennie gav eit ekstra sprøtt inntrykk gjennom sine smått forvrengde dialektar og uttrykk, medan Herman Flesvig er meir streit og hakket meir anmassande, trass i imponerande innsats.

Og så synest eg Anders Matthesen kan prøva å nyansera stereotypane sine ørlite neste gong – no verka mange av karakterane, særleg hovudpersonen Asgeir, noko preglause og nesten gamaldagse. Og så saknar eg dei skikkeleg fæle og outrerte vaksne, kanskje noko av det politisk ukorrekte som ein i Rutete Ninja kunne gjort så mykje meir ut av. Rett over streken er liksom ikkje så moro som aldeles ute.