JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Fole fin film

Sunnmørske a human position er stillfaren, sakte og steikje stilig.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sambuarar: Maria Agwumaro (t.v.) spelar Live som reparerer gamle møblar. Asta, som er sommarvikar i Sunnmørsposten, blir spelt av Amalie Ibsen Jensen.

Foto: Vesterhavet / Filmdistributører

2276
20220513
2276
20220513

Drama

Regi: Anders Emblem

a human position

Med: Amalie Ibsen Jensen, Maria Agwumaro, Lars Halvor Andreassen
Kinofilm

Asta (Ibsen Jensen) er ein røynd sommarvikar i Sunnmørsposten. Kjærasten Live (Agwumaro) syslar med å reparere gamle stolar i den romslege kåken deira, som er full av smakfullt interiør. Det næraste filmen kjem ei forteljing, er at Asta freistar følgje opp ei sak om ein asylsøkjar som vart kasta ut etter ti år på fiskefabrikk. Det går trått.

Stilleben

Distansen til dramaet er tydeleg. Det er ikkje lett å komme innpå saka. Likeins har linsa distanse til det meste som skjer, i den grad det skjer noko særleg. Kameraet står alltid stille, helst på god avstand. Som regel fyller ein grå vegg, ei branntrapp eller liknande delar av biletet. Samtalar skjer ofte bak eit hjørne.

Anten vi er ute eller inne, ser vi mykje på veggar og rom. Ein observerer husrom og byrom. Nokre tablå kjem stundom igjen. Asta går gjennom tomme gater. Heime er alt strigla og stilreint. Det ser ikkje realistisk rotete ut, men utsnitta får oss til å tenkje. Hjernen kvernar. Posisjonen til menneska hindrar oss støtt i å sjå heile saka. Filmen gjev meir rom for refleksjon enn han gjev svar.

Siesta

Vi følgjer den daglege donten. Det er tannpuss, frukost, intervju med AaFK-folk om den elendige sesongopninga, japansk kveld med film av Yasujiro Ozu, og samtalar om Ingmar Relling. Takkelista inkluderer «... og alle andre norske møbeldesignarar».

Filmen er ei skattkiste av detaljar, med nydelege rekvisittar, anten på grunn av nostalgi eller pynteleg plassering. Produksjonsdesignar Brynhild Dagslott har gjort ein framifrå jobb. Katten burde få ein Oscar.

Dynamikken mellom dei to leiande rollene er fin. Båe spelar godt. Det tek ei æve før første replikk fell. Det spartanske lydsporet er prega av stille, stoveorgel og sus frå tre og bilar. Ein lyt styre unna om ein vil ha action og anna mas. Regissør Anders Emblem har ein særeigen, smålåten stil. A human position er god å kvile augo på. Det likar eg.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Katten burde få ein Oscar.

Håkon Tveit om a human position

Emneknaggar

Fleire artiklar

Flytande gull: Få ting er så godt som olivenolje – om han er rette typen.

Foto: Pxhere.com

Frå matfatetKunnskap

Olivenolje

Jomfruer veit visst ikkje alltid å ta seg betalt.

Siri Helle

Foto: Paal Audestad

BokMeldingar

Ho som får ting til å skje

I Jægtnes’ fantasifulle soge går fakta og fiksjon opp i ein medrivande heilskap.

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis