Fiskar i solnedgang
Maltesiske Luzzu er aktuell, klassisk, vakker og engasjerande.
Jesmark livnærer seg som fiskar i Valetta og har nyleg blitt far.
Foto: Mer Film
Drama
Regi: Alex Camilleri
Luzzu
Med: Jesmark Scicluna, Michela Farrugia, Frida Cauchi
Kinofilm
Luzzu opnar med den barske fiskaren Jesmark (Scicluna) og kompanjongen som fiskar med line frå den pittoreske, fargerike trebåten sin, ein maltesisk luzzu. Sola skin, men fisken bit lite, og båten lek. Trålarar truar den tradisjonsrike fiskarkulturen.
Når Jesmark kjem i land, må han hente babyen for helsesjekk saman med kona Denise (Farrugia). Krabaten blir vegen og funnen for lett. Han treng hjelp. Familien til Denise kan hjelpe, men ser ned på ein fattig fiskar. Skal ein kaste all ære over ripa?
Ciao flus
Malta er sjeldan på sonaren. Luzzu er første maltesiske film på kino her i landet. Miljøskildringa er difor automatisk forfriskande. Berre å høyre maltesisk er kjekt. Her er det kort til både Sicilia og Tunisia i praten. Konfliktane er likevel universelle.
At næringar med lang historie blir truga av kapitalsterke krefter, veit fiskarsamfunn alle stader. Korrupsjon kompliserer òg. Malta er EU-landet der journalisten Daphne Caruana Galizia blei drepen for å ha følgt pengespora mot toppane. Inntektene forsvinn frå fiskarane i Luzzu, som blir pressa inn i ulovlege skuggar eller over på øydeleggjande trålarar. Retningslinene frå styresmaktene er ein klamp om foten, og EU vil helst betale folk for å kondemnere båtar og historier. Få står imot.
Ekte energi
Luzzu er flott å sjå på med sterke fargar og varmt ljos. Rastlaust kamera og høgt tempo skapar ei realistisk kjensle av ein stressa Jesmark. Han er i spenn mellom identiteten knytt til å vere frå ei slekt av fiskarar gjennom mange generasjonar, harde økonomiske realitetar og press frå svigerfamilien.
Jesmark Scicluna gjer ein strålande debut i hovudrolla. Han er faktisk ein ekte fiskar. Den staute karen har eit godt filmfjes utan tillærte fakter. Frustrasjon og raseri held han helst inni seg. Minimal mimikk for å vise sterke kjensler er som kjent best. Omgjevnadene er òg truverdige på alle frontar. Luzzu følgjer kjende malar, men har så rikeleg med nye, gripande og fine element at eg sterkt tilrår filmen.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Jesmark Scicluna gjer ein strålande debut i hovudrolla.
Håkon Tveit om Luzzu
Fleire artiklar
Nicolas Leirtrø, Øyvind Leite og Amund Storløkken Åse utgjer trioen med namnet I Like to Sleep.
Foto: Sigrid Erdal
Spanande klangunivers
Trondheimstrioen har laga ei mangfaldig plate.
Isbilar er ikkje noko nytt, men heller ikkje nokon garanti for kvalitet.
Foto via Wikimedia Commons
Isbilen spelar høgt, men taper på kvalitet.
Kor mykje vatn er det eigentleg mogleg å ha i ein iskrem og framleis få han til å likne ein fløyteis?
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.