Film
Fire nyansar av død
Gullbjørnvinnaren frå Iran er spennande, sterk og nydeleg.
Den prislønte filmen vann mellom anna Sølvspeilet for beste film på Film fra Sør.
Foto: Arthaus
Det finnes ingen djevel er sett saman av fire forteljingar. Dei har til felles at dei på ein eller annan måte er knytte til det faktum at dødsstraff er mykje brukt i Iran, ei skam dei deler med land som Kina, USA og Saudi-Arabia. Mykje av uvissa hjå publikum ligg i kva som knyter kvar historie til temaet. Alle handlar om ganske vanlege folk. Alle ber eit mørke.
Trekk krakken
Den glitrande regissøren Mohammad Rasoulof er internasjonalt hylla, men sit i husarrest heime i Iran. Han har altså noko på hjarta. I klassisk iransk tradisjon kjem ikkje kritikken i form av erkeskurkar og arkaiske ayatollaar. Han er nyansert og full av kraft. Vi møter menneske som blir sette i vanskelege situasjonar av eit system med reglar som er riv ruskande galne.
Moralske dilemma skapar store drama. Rasoulof blei forma av førebileta Abbas Kiarostami og Mohsen Makhmalbaf. Han slår ikkje på stortromma for å få sterke kjensler og spenning, men er ein meister i effektiv forteljekunst. Kvar historie dirrar av uro og spenning.
Rett nok er den første historia uendeleg kvardagsleg. Ein mann hentar kona på jobb og dottera på skulen. Trafikken i Teheran er ikkje til å tole. Middelklassefamilien vitjar banken, butikken og den gamle mora. Tidsklemme og stress blir bøtt på med Coca-Cola og pizza på kjøpesenteret. I kinosetet undrast ein. Kvar ventar døden?
Den andre forteljinga er klaustrofobisk og intens, med thrillertendensar. Vernepliktige soldatar har dystre plikter. Kven skal trekke vekk krakken?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.