JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Fint og fantasilaust

Roger Michell har støypt ein solid kopi av den danske Stille hjerte for USA.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Familien er samla ei siste helg.

Familien er samla ei siste helg.

Foto: Manymore AS

Familien er samla ei siste helg.

Familien er samla ei siste helg.

Foto: Manymore AS

2547
20210416
2547
20210416

DRAMA

Regi: Roger Michell

Blackbird

Med: Susan Sarandon, Sam Neill, Kate Winslet
Kinofilm

Det skrantar på fantasien der borte i USA. Kvar suksess frå andre land skal få sin kopi, så kinopublikummet skal sleppe å tenke at det finst andre land som lagar film på andre språk. Då slepp ein å skrive nye manus òg! No har Notting Hill-regissøren Roger Michell laga ein variant av populære Stille hjerte, eit rørande drama av danske Bille August frå 2015. Blackbird handlar om Lily (Sarandon) som skal ha ei siste helg med familien. Ho skal få hjelp til å døy før ALS-sjukdomen lammar ho heilt.

Sjukt

Når eg les mi eiga melding frå 2015 av Stille hjerte, slår det meg at det meste passar på Blackbird. Båe er heilstøypte drama om familieforhold meir enn om sjukdom og dødshjelp. Regissør Roger Michell brukar som August teskeia flittig i starten for å etablere klare figurar.

Den eldste dottera (Winslet) er særs skikkeleg og har med ein uhyre normal mann og ein flink son. Yngstedottera er trøblete, kanskje psykisk sjuk, og har med dama si som ei overrasking. Det lesbiske forholdet er ein ny tvist som saman med kommentarar om vegansk kalkunmiddag og studentar som vil kansellere Odysseen, skal gje ei tidsriktig ramme for publikum på andre sida av Atlanteren.

System

Flotte tablå frå Sussex i Sør-England skal førestilla Hamptons i USA. Det er like fint som Fyn. Det stilige huset teikna av ein fjong arkitekt er fylt av kunst og bøker som gjev inntrykk av ein solid dose kulturell og økonomisk kapital. Alt er stødig og velsmurt, frå foto via klipp til musikk. Ingenting irriterer. Rollelista er rå. Susan Sarandon er heilt super. Sam Neill, Kate Winslet, Mia Wasikowska og Lindsay Duncan er alle topp. Det plagar meg at ikkje desse ressursane kan bli brukte til å skapa noko nytt.

Historia har hinder, som venteleg er, knytt til både eutanasi, familiestrukturar og forventingar. Det er stundom litt vittig, og ei tåre trillar igjen, sjølv om replikken er litt meir tannlaus enn den danske. Alt skal vere endå litt meir tydeleg for marknaden i USA, sjølv om britar og svenskar produserer.

Isolert sett er Blackbird ein ganske god film. Likevel er han eit symptom på systemet med ei stormakt som ikkje vil sjå resten av verda. Det systemet kan godt få litt aktiv dødshjelp.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Isolert sett er Blackbird ein ganske god film.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Matprat og alder

Sei meg korleis du uttalar namn på matvarer, og eg skal seia kor gamal du er.

May Linn Clement

Det er ein svir å oppleve korleis den bokelskande Matilda tar eit oppgjer med vonde rektor Trunchbull.

Foto: Grethe Nygaard, Rogaland Teater

TeaterMeldingar
DAG OG TID

Festleg framsyning av musikalen Matilda

Matilda har i årevis gjort suksess som musikal. No også på Rogaland Teater.

Den tsjekkiske nasjonalromantikaren Antonín Dvořák (1841–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Grått og keisamt

Bestion mislukkast i å modernisera Scarlatti og Dvořák.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?

Kjelde: Per Thorvaldsen og DALL-E 3

TeknologiFeature

Musikkteori for tonedauve 

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Per Thorvaldsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis