Festleg om film og fordomar
Irans røynde rebell, Jafar Panahi, byd på meir metamoro i snedig satire.
Regissør Jafar Panahi spelar drosjesjåfør.
Foto: Arthaus
Drama
Regi: Jafar Panahi
3 kvinner
Med: Behnaz Jafari, Jafar Panahi, Marziyeh Rezaei
Filmen 3 kvinner opnar med ei opprivande scene filma med mobiltelefon. Den kjende skodespelaren Behnaz Jafari mottar ein video av ein tilhengar som vil studere skodespel, men blir nekta av foreldra. Videoen sluttar med at ho tar livet sitt, så vidt Jafari kan sjå.
Filmskaparen Jafar Panahi tek på seg å køyre den uroa kollegaen til landsbyen dei trur jenta er frå. Der ventar omfamning, overraskingar og ulmande konfliktar. Jafari og Panahi viklar seg inn i ei leiting full av forviklingar.
Seg sjølv lik
Om styresmaktene i Iran spør, lagar ikkje Jafar Panahi film. Regissøren tyr no til mykje den same oppskrifta som han har brukt sidan han fekk forbod mot å lage film i 2010.
Ein særs produktiv periode byrja med This Is Not a Film i 2011, og filmregissøren hadde stor suksess med gullbjørnvinnaren Taxi Teheran (2015), der han liksom berre køyrde rundt med kamera i frontruta.
I 3 kvinner finn vi han igjen bak rattet. Igjen har han sjølv ei hovudrolle som seg sjølv. Alle andre spelar òg seg sjølve, amatørar og proffar. Behnaz Jafari er ei stjerne. Om reaksjonane er ekte når folk får sjå henne, er kjekt nok uråd å vite. Stilen liknar dokumentarfilm, men har ei mengd metaelement. Jafari stikk av frå ei filminnspeling for å finne den unge tilbedaren. Panahi har problem med ein pensjonert skodespelar som ber nag for at filmmiljøet lèt henne segle sin egen sjø.
Stjerneregissøren har gløymt mykje tyrkisk språk sidan barndomen nordaust i landet. Folk i bygda har eit splitta eller sjølvmotseiande forhold til film- og kultureliten frå hovudstaden. Dei vitjande er dels potensielle bergingsfolk, dels trussel mot trygge rammer. Fordommar finst båe vegar. Sanningar er eit subjektivt samansurium. Konservative krefter er klart til stades. Kvinner skal helst gifte seg, snarare enn å satse på karrierar innan underhaldning. Motsetningar mellom det moderne og tradisjonelle er ei evig kjelde til filmforteljingar. Her har vi Instagram, grusvegar blokkert av skada avlsoksar og vekslande mobildekning.
Humor og harme
Gjestfri hjertevarme er blanda med kjønnsdiskriminering. Filmskaparen held fram med feminismen frå Sirkelen (2000) og Offside (2006). Æreskultur står ikkje høgt i kurs hjå Panahi. Det gjer derimot sta damer.
Humoren held stilen frå Taxi Teheran, i tradisjonen til læremeisteren Abbas Kiarostami med bilscener à la Smaken av kirsebær, landsbylivet frå Vinden vil bære oss og metaperspektiva frå Close-Up. Ramme alvor og herleg humor spelar i skjønn foreining. Harmen ulmar, men humøret er upåklageleg. 3 kvinner står i ein stolt iransk komisk tradisjon med absurde detaljar og subtil satire. Stilen er spartansk, men fin. Dette er iransk ikkje-film av beste sort.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Æreskultur står ikkje høgt i kurs hjå Panahi. Det gjer derimot sta damer.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.