Film
Fellesskapen fotball
Hyllinga av Norway Cup er rett fram og rørande.
Sletta på Ekeberg har vore arena for gleder, sorger, venskap og flørting i snart 50 år.
Foto: Eirik Linder Aspelund
Bortebane følgjer fem ungdomar frå trening på heimstaden til dei avgjerande augneblinkane på Ekebergsletta under Norway Cup 2019. Alle er keitete fjortisar med skyhøge forventingar til siger i giganttevlinga. Inni er dei såleis like.
Fotballfedrar
Rollegalleriet er ei bragd. Filmskapar Line Hatland kjem nær dei alle. Stortalentet Anna har sin eigen sunnmørske fotballpappa som trenar. Det er hardt. Khalidi frå USA spelar for eit lag frå Tanzania for å oppfylle draumen til faren, ein tanzanianar som har slukt konkurransejaget til det nye landet. Tap er tabu.
Yu frå Chengdu spelar for æra til den døde far sin. Som kaptein og berebjelke kan ho ikkje felle tårer framfor korkje familien eller lagkameratar. Jentene frå Sichuan synest ikkje det smell av norsk kantinemat, graset er definitivt brunare enn i heimlandet, og den dumme dommaren er truleg norsk.
Kjekk reklame
Afnan er kaptein på Jerusalem Girls og uroar seg for om brørne blir tatt av israelsk politi om dei vågar seg utom døra heime. Ho spelar for palestinsk ære. Det er ei tung bør.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.