Film
Favoritten
Gulløvevinnaren av regissør Yorgos Lanthimos er ein fantasifull, formidabel fest av ein film.
Kathryn Hunter og Emma Stone i den nyaste filmen til den greske regissøren Yorgos Lanthimos.
Foto: Yorgos Lanthimos / Searchlight / 20th Century Fox
Frå første stund er den nye filmen til den galne grekaren Yorgos Lanthimos noko annleis. Ein skapning som er halvt hund og halvt gås, gakkar rundt. Vaksne Bella (Stone) spyttar ut mat, tissar på golvet og føter seg som ein toåring. Farsfiguren God (Defoe) gulpar bobler som liknar jordklodar, og gjer skrekkelege eksperiment på lik.
Forskingsetikken er elendig. Aspiranten Max (Youssef) studerer utviklinga til Bella i strenge rammer. Trongen hennar til å utforske verda gjer at ho riv seg laus med dandyen Duncan (Ruffalo).
Frie fargar
Lanthimos følgjer opp hangen til prangande visuell stil frå The Favourite. Når Bella reiser ut i verda, slår filmen over frå svartkvitt til intense fargar av alle slag. Dei kreative detaljane er overveldande. Ein er sjanselaus til å sjå alt som skjer i bileta av rare bygg, himlar, kostyme, figurar og skapningar. Alt er ein fest for auga.
Variantane av London, Lisboa og Paris er fantastiske på fleire vis. Dei er som fantasirike draumar frå 1800-talet. Kvart eit smijernsgjerde har uventa svingar. Svulmande, fargesprakande puter rundt skuldrene skapar ein finurleg forma figur når Stone trippar rundt med berre pipestilkar.
Verda der ute har østers, boblevin og sex. Mykje sex. Emma Stone har komisk teft. Ho har godt grep om den barnlege framtoningen til Bella. I levemannen Duncan får Mark Ruffalo òg vise morosame takter etter kvart som han glir over i det stadig meir patetiske. Andletet til Willem Defoe verkar inspirert av skrekkfilmar og arven etter Frankenstein. Han kler rolla.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.