Fabelaktige Farhadi
Det er alltid grunn til å gle seg når det kjem ein ny Asghar Farhadi-film. Med En helt innfrir han endå ein gong forventningane.
Kjærastane Farkondeh og Rahim blir spela av høvesvis Seher Goldust og Amir Jadidi.
Foto: Ymer Media AS / Duchili
Drama
Regi: Asghar Farhadi
En helt (Orig. tittel: Ghahreman)
Med: Amir Jadidi, Fereshteh Sadre Orafaiy, Mohsen Tanabandeh, Saher Goldust
Kinofilm
Rahim (Jadidi) er ute på permisjon frå gjeldsfengselet då kjærasten, Farkondeh (Goldust), finn ei veske med gullmyntar. Her har han sjansen til å betala lånehai Bahram (Tanabandeh) tilbake gjelda og verta ein fri mann igjen. Men kva er prisen for fridom?
Dramatisk
Nadir og Simin – en separasjon (2011), Fortiden (2013), Salgsmannen (2016), til og med den svakaste av filmane hans, Men alle vet (2018)... Dette er berre dei mest kjende filmane til regissør Asghar Farhadi. Det eg prøver å seia, er vel at du har ein kjekk jobb framfor deg dersom du ikkje kjenner til han. Og du må gjerne starta med den nyaste filmen, for En helt har alle element som gjer at den iranske regissøren aldri vert kjedeleg, inkludert eit utruleg snedig lydspor.
Måten han kombinerer menneskelege forhold, både amorøse, mellommenneskelege og familiære, med aktuelle problemstillingar i samfunnet på, og særleg – på sitt aller beste – det iranske samfunnet, gjer han til ein filmskapar av rang.
Dramadosane kjem som perler på ei snor, noko som for denne filmmeldaren gjorde at eg sjeldan har vore meir tissetrengd på ei pressevisning – ein kan jo ikkje sjå vekk eit augeblikk, i frykt for å gå glipp av noko. Handlinga er framoverlent utan å verta hektisk og tilbakelent utan å dvela unødvendig.
Delt helt
Tittelen En helt er utvilsamt ladd, og Rahim vaklar konstant mellom å vere helt og å vere feiging. Og fint balanserande på melodramastreken ramlar det ned komplikasjonar, mest i form av dei etter kvart universelle utfordringane som ligg i sosiale medium.
Éin ting er fake news, ein annan er dei mange ulike versjonane av sanninga som endrar seg frå person til person, frå éin synsvinkel til ein annan. Gråsona imellom kan like gjerne vera fasiten, men når også fasiten er flytande, vert det dårleg med både heltar og skurkar.
Det høge spelet får meg til å vri meg i setet, og ein del av situasjonane kan eg vanskeleg sjå for meg at eg ville løyst slik Rahim driv på. Farhadi gjer jobben sin med å upartisk framstilla ulike scenario der både eg og Rahim må ta stilling til håplause dilemma, og eg må krabba audmjukt ned frå den høge moralske hesten min og innsjå at kanskje ikkje alt var så svartkvitt likevel. For ein regissør, for ein film! Eg veit iallfall kven som er helten min.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Farhadi gjer jobben sin med å upartisk framstilla ulike scenario.
Fleire artiklar
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Foto: Hatem Khaled / NTB
Krasnik og eg
Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.