Film

Fabelaktig naturalisme

Ein forunderleg og fornøyeleg fabel fortel om likskap mellom det føydale Italia og urban naud i dag.

Vêrbitne amatørar spelar sterkt saman med erfarne skodespelarar som Adriano Tardiolo og Alba Rohrwacher.
Vêrbitne amatørar spelar sterkt saman med erfarne skodespelarar som Adriano Tardiolo og Alba Rohrwacher.
Publisert

Lazzaro (Tardiolo) er ein rar figur. Han er open og ærleg, klar for å hjelpe kven som helst med kva som helst kva tid som helst. Alle hersar med han, men han vender det andre kinnet til med eit konstant naivt andlet. Uhøyrt, altså. Lite med Lazzaro er realistisk, men han speglar røynder.

Åndenes hus

Miljøet hans er nesten naturalistisk skildra, og eg må igjen vise til Tarvelige, heslige, vemmelige av Ettore Scola. Dei fattige arbeidarane har blitt harde av omstenda dei lever under. Toscana er ingen idyll trass i nydeleg natur. Den tallause slekta til tittelfiguren arbeider for baronesse da Luna. Ho er ein slavedrivar med presten på lag som plage. Samfunnet er føydalt. At den unge baronen har mobiltelefon og Walkman, er anakronismar.

Regissør Alice Rohrwacher har eit fritt forhold til tid. Ho veit kva reglar ho bryt, og er van med vestlege, narrative rammer. Ulverop gjev undring om den romerske myten om Romulus og Remus. Filmen er ein fabel, og tittelen er bibelsk. Når ulukka er ute, løner det seg å heite Lazzaro.

La strada

Miraklene i Toscana av Rohrwacher var ei skildring av livet på landet som det smått utslitne ordet «sanseleg» passa perfekt på. Ein kunne nesten smake honningen. No òg set Rohrwacher sansane på prøve. Ein kjenner halmen i halsen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement