Film

Estetisk sjakkdrama

The Queen’s Gambit er perfekt for augo som søker sjakk i vakker innpakking.

Serien står og fell på truverdet til hovudpersonen, Beth Harmon. Anya Taylor-Joy er fantastisk god i rolla, men ho gjer, kan henda, éin systematisk feil, melder Atle Grønn.
Serien står og fell på truverdet til hovudpersonen, Beth Harmon. Anya Taylor-Joy er fantastisk god i rolla, men ho gjer, kan henda, éin systematisk feil, melder Atle Grønn.
Publisert

Den vesle jenta på barneheimen finn meining i sjakkspelet og finn ein veg mot toppen i ei verd full av vakre sjakkbrett, vakre sjakktrekk og ganske kjekke sjakkmenn i den nye Netflix-serien The Queen’s Gambit, som er basert på Walter Tevis’ roman med same namn frå 1983. Hovudpersonen, Beth Harmon, er ei kvinneleg utgåve av den unge Bobby Fischer.

På sjakkbrettet går det meste på skjener i ei historie frå 1960-talets USA, Paris og Moskva. Demonane til Beth er ikkje motstandarane ved brettet, men piller, alkohol og ein traumatisk barndom. Det klassiske sjakkdramaet er skildra med ein eleganse som gjer at The Queen’s Gambit ligg på sjåartoppen over store deler av verda denne hausten.

Snakkis

Når journalistar – og sjakkspaltistar – skriv om «det heile verda pratar om», må ein trekkja frå ganske mykje. Men for ein gongs skuld kan eg seia at denne Netflix-serien er nett «det sjakkverda pratar om». Ei popularisering av sjakkspelet med brei suksess har vi ikkje hatt sidan Abba-musikalen Chess i 1986. I Noreg er det rett nok ein parallell til NRK-sendingane frå sjakk-VM.

Eg spurde Twitter til råds, og fekk straks terningkast frå 500 sjakkinteresserte nordmenn. Dette er ein respons eg ikkje har sett før. Eg kjem attende til svara. Konklusjonen er at om du har glede av sjakk på norsk TV, vil du ha glede av The Queen’s Gambit. Om du ikkje likar sjakk på TV, vil du kan henda likevel setja pris på estetikken som minner om seriesuksessen Mad Men frå den amerikanske reklamebransjen på 1960-talet.

Interessa mi, før eg såg serien, skaut fart då eg las at grøssarkongen Stephen King tykkjer The Queen’s Gambit er det beste som er laga i 2020.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement