Film
Elegant og eventyrleg
Eskil Vogt har laga ein usannsynleg vakker og urovekkande skrekkfilm med born.
Rakel Lenora Fløttum som Ida og Sam Ashraf som Ben i filmen om dei uskuldige.
Foto: Mer Film
Niåringen Ida (Fløttum) flyttar til Groruddalen i lag med foreldra og den autistiske storesystera Anna. Ho får fort ein ven i Ben (Ashraf), som deler dei smått sadistiske trekka til Ida. Og kanskje litt attåt. Samstundes verkar den elles lite kommunikative Anna å finne ein fin tone med godlynte vetle Aisha. Ei eiga magisk verd veks fram, men med krefter utanom det vanlege kjem potensialet til godt og vondt. At Ida må ta vare på storesystera, blir snart det minste problemet hennar.
Sanseriket
Eskil Vogt viste stor sans for å vie spesifikke sansar merksemd med den glitrande debuten Blind. Lydbiletet er det første som breier seg i meg i møte med De uskyldige. Alle moglege detaljar får god, presis plass, anten det er tygging av sand eller smelling av bobleplast. Lydane er sentrale i å sette publikum inn i sanseverda til dei små.
Sturla Brandth Grøvlen er ein framifrå filmfotograf. Han bidreg til eit intimt og skummelt uttrykk. Alle dei involverte står for handverk av høgste klasse. Skodespelet til borna er briljant. Rakel Lenora Fløttum er heilt formidabel i hovudrolla som Ida. Ho er heilt på nivå med mora, Ellen Dorrit Petersen. Sistnemnde er jo ei av dei beste vi har i landet, så det eplet har falle heilt inntil stamma.
Barnetrua
Skildringa av smårollingane er strålande. Vogt tek borna brutalt seriøst. Dei veit kva vaksne kjem til å tru på, og kva dei vil avfeie, og veg sine ord deretter. Dei kan bere på utenkjeleg mørker. Vald er òg ei del av verda deira.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.