Eit underhaldande spark til totalitarisme, autoritetar og feigingar.
Zuzanna Mauréry spelar godt i rolla som klasseforstandaren.
Foto: Fidalgo
Drama, komedie
Regi: Jan Hrebejk
Klasseforstanderen
(orig. tittel: Ucitelka)
Med: Zuzanna Mauréry, Csongor Kassai, Martin
Havelka
Det er tidleg 80-tal i Tsjekkoslovakia. På ein barneskule i Bratislava skal elevane i 6. klasse få ny klasseforstandar: den ved fyrste augekast hyggelege enka Maria Drazdechova (Mauréry). Kvifor ho vil vita kva alle foreldra til borna jobbar med, kjem fort fram. Om ikkje ho får utført tenester etter hennar behov, straffar ho elevane med dårlege karakterar. Fleire merkar seg dette, men kva kan dei gjera for å bevisa kva ho driv med? Særleg sidan ho i tillegg er i det kommunistiske, allrådande partilaget på skulen?
Kameratsleg
Ein Lada sig gjennom sluddet. Parkas og dyffeljakker hutlar seg frå gata og inn i gangane på skulebygget. Tidskoloritten er vakkert gjennomført og unngår å spela på vestlege oppfatningar om at alt er grått i austblokka. Utover denne fargerike nyanseringa er det ikkje mykje glorifisering og det tyskarane kallar ostalgie – nostalgi for kommunisttida. Dette gjennomsyrande regimet er nesten ikkje råd å førestilla seg i praksis, men filmskapar Hrebejk gjer ein god jobb med å skildre det. Så tek også Klasseforstanderen utgangspunkt i ei sann historie, og hadde ikkje det vore opplyst om i starten, kunne eg ha tenkt at ein del var overdrive. Men om du blandar ein dose statsregime med ein dose kjipt kvinnemenneske og tilset ein dose feige kollegaer og foreldre, så får du ei god suppe.
Fy deg
Om eit system tillet seg å verta misbrukt, så blir det det. Og dumme sauer er kanskje den største trugselen i alle samfunn. Hrebejk har vore innom same tematikken i den finfine Divided We Fall (2000), der han retta same peikefingeren mot dei som stod og lét forfølgingane av dei slovakiske jødane under andre verdskrig skje. Ikkje heller då gjer han dette på ein surmaga måte, tvert imot er filmane hans lette, ledige og humoristiske. I tilfelle som Klasseforstanderen går humoren ofte over i frustrasjon – Zuzanna Mauréry i rolla som Maria Drazdechova spelar så bra at eg får lyst å dryla til henne. Då har ho vel lukkast, skulle ein tru.
Ein kan ikkje kalla filmen nokon djup kritisk analyse av verken system eller menneske. Men det er underhaldande å sjå ein smånaiv, velmeinande påminnar om at ein skal heia på dei som torer gå mot straumen, og at det skal straffa seg å utnytta andre.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Sofi Oksanen er av dei forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.
Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons
Vald mot kvinner som våpen
Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
Studentar mot politi ved Columbia- universitetet 30. april, då Palestina- aktivist-leiren skulle rivast.
Foto: Caitlin Ochs / Reuters / NTB
Ekko frå sekstiåra
Demonstrasjonane mot Israel og Gaza-krigen på universitet i USA vekkjer til live minnet om studentoppstandane i seksti- og syttiåra.
Eit portrett av filosofen Germaine de Staël, ein sveitsisk filosof som levde og virka 17- og 1800-talet. Ho er ei av fleire kvinnelege filosofar som har fått meir merksemd dei siste åra, ikkje minst takka vere arbeidet til filosof Kristin Gjesdal.
Filosofiske forviklingar
Professor Tove Pettersen meiner filosofifaget har eit likestillingsproblem.