Film
Ein kunstnar i flammar
Nærbiletet av kunstnaren Apolonia Sokol gjev framifrå innsikt i kunstverda.
Den franske kunstnaren Apolonia Sokol (biletet) blir portrettert av den danske filmskaparen Lea Glob.
Foto: Arthaus
13 år før Apolonia Sokol blei omtala som ei av leiestjernene for sin generasjon kunstnarar, tok den danske regissøren Lea Glob opp kamera for å følgje venninna. Glob har fått eit unikt innblikk i eit liv utanom det vanlege frå kunstskule til suksess.
Myter
Det kryr av kunstnarmytar rundt Sokol frå fyrste stund. Ho vaks opp i eit erkebohemsk teater i Paris, jakta på storleik i New York og selde seg på kunstmarknaden i Los Angeles. Kaotiske kollektiv er standarden. Vinglas og sigarettar er alltid på plass.
Sokol er fødd på utsida i Danmark, av ei mor som flykta frå kommunistiske Polen etter at den belarusiske slekta hadde enda der etter ei tid i Sibir under Stalin. Faren er ein klassisk fransk radikal kunstnar.
Apolonia freistar halde liv i teateret som samlingsplass for kunstnarar og radikale stemmer. Vennskapen til ukrainske Oksana Sjatjko, som var ei av dei som grunnla den feministiske aktivistgruppa Femen, er vakkert skildra. Dei ber båe på mykje drama. Kunsten spring ut av kven Sokol er, og kva som omgjev henne. Først var det familien, deretter ei famlande ferd blant framande, før ein feministisk flamme tvingar seg fram.
Makt
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.