JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Ein god, gamaldags god, gamaldags film

Dei små frøknene er framleis små feministar inntylla i sjal, sjarm og ynde – heldigvis!

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Emma Watson, Saoirse Ronan, Eliza Scanlen and Florence Pugh spelar systrene i filmen.

Foto: Wilson Webb / SF Studios / Sony Pictures

2402
20200131
2402
20200131

Drama

Regi: Greta Gerwig

Little Women

Med: Saoirse Ronan, Emma Watson, Laura Dern, Timothée Chalamat

I 1868 kom Louisa May Alcotts roman Småfrøkner ut. Boka handlar om henne, dei tre systrene hennar og oppveksten i Concord i Massachusetts. Dei kunstnarlege jentene hadde store tankar om framtida og eit radikalt politisk syn, ut frå samtida, på både frigjering av slavane, kvinnesak og sosial likskap. Og så er det sjølvsagt ispedd både humor og romantikk, som nok bidreg til at romanen framleis toler så godt å verta filmatisert nok ein gong.

Kule systrer

Hippe, kule Greta Gerwig er kanskje framleis best kjent for hovudrolla i Frances Ha (2012), men viste seg som ein dugande regissør med debutfilmen Lady Bird (2017). Begge filmane har ho vore med på å skriva, så at ho er hipp og kul, måtte eg berre ta med for å understreka kor artig og dristig eg synest det er at ho går for ei så godt brukt historie som denne.

Little Women vart filmatisert fyrste gong i 1917 og har hatt tallause kinobesøk fram til 1994, då eg og verda såg førre versjon. Gerwig har ikkje gått mykje vekk frå innhaldet, og ho har heller ikkje falle for freistinga å modernisera så mykje av det dei seier. Så igjen – Louisa May Alcott, altså! For ei bragd å bringa liv til desse systrene som framleis fenger og sjarmerer som berre det. Så står det att å sjå om filmen hankar inn nokre av dei seks Oscar-statuettane han er nominert til.

Dei ordinære ting

Om historia og karakterane er dei same, har regissøren tillate seg å utbrodera dei kunstnarlege kvalitetane til systrene, noko som gjer dei berre hakket meir sjablongaktige enn i 1994-versjonen. Det er noko ordinært over filmen, trass i det gode handverket. Er det ein nostalgi for gamle dagar som siv igjennom? Til ei tid då det var enklare, då ein kunne starta ein skule for jenter og andre underprivilegerte ved å arva ei gamal tante. Ei tid der ein kunne strekka seg mot edle, men opplagde mål.

Målet til Greta Gerwig har forhåpentlegvis vore å laga ei stødig, velskapt og vital filmatisering verdig forfattaren. Om så har ho lukkast godt. Little Women er eit kostymedrama anno 1865 anno 2020, elegant og kløktig utført, om enn ikkje overvettes originalt.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kultur­arbeidar og fast filmmeldar
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn

Cuba framfor kollaps?

Den cubanske nasjonen lir no av den kanskje største systemkrisa sidan kolonitida.

VegardBye

Statsminister Jonas Gahr Støre avsluttar Kina-vitjinga i fjor i Shanghai, den største byen i landet og den travlaste hamna i verda.

Foto: Heiko Junge / NTB

UtanriksSamfunn

Noreg skal vera det mest demokratiske landet i verda, men ignorerer Asias fremste og samstundes mest truga demokrati

HalvorEifring

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis