JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Ei vulgær verd

Sjølv med engelsk utestemme er ein av favorittregissørane mine underhaldande.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Overklassen er under angrep i filmen til den gullpalmevinnande regissøren Ruben Östlund, skriv Håkon Tveit.

Triangle-of-Sadness_Fredrik-Wenzel_copyright_Plattform-Produktion-2 Foto: Fredrik Wenzel / SF Studios / Plattform

3127
20221014
3127
20221014

Komedie / drama

Regi: Ruben Östlund

Triangle of Sadness

Med: Harris Dickinson, Charlbi Dean, Woody Harrelson
Kinofilm

Modellparet Carl (Dickinson) og Yaya (Dean) er i sentrum i den tredelte Gullpalme-vinnaren Triangle of Sadness. I første kapittel er han på audition, der det er klart at det triste triangelet av uro mellom augo er eit problem berre botox kan ordne. Så kjem ei scene der sivilisert stil bryt saman over rekninga på ein fin restaurant.

Kapittel to er hovuddelen. Det skjer på eit overdådig, eksklusivt cruise der styrtrike folk boltrar seg i sol, champagne og fancy mat. Yaya har fått gratisbillettar fordi ho er påverkar. Etter rikeleg med drama om bord skjer del tre på ei aud øy.

Dei pengane

Eg har ovundra svenske Ruben Östlund sidan debuten Gitarmongo (2004). Han perfeksjonerte skildringar av sosialt utrivelege situasjonar med geniale tablå i De ufrivillige (2008). Med Play (2011) slo han seg opp som provokatør.

Han gav eit grellare bilete av skiturisme i Alpane med Turist (2014) enn nokon pandemi har greidd. Gullpalmen han vann for The Square (2022), var fullt fortent. Få filmar har sydd saman svensk sosialdemokratisk lynne med kunstverda og prangande privilegium på meir briljant vis.

No har Östlund fått pengar til å lage film på engelsk med store stjerner. Med pengar kjem strenge krav. Skal publikum i USA forstå, lyt ein smørje tjukt på. Den samansette, smarte satiren må vika for klarare tale. Gøteborgaren lèt seg likevel ikkje kua heilt.

Han er framleis respektlaus og lèt få figurar sleppe unna. Overklassen er under angrep. Det er kjekt. Deira verd er vilt vulgær. Samstundes kan sjølv smaklause våpenhandlarar ha sympatiske trekk, middelklassen kan ha ekle ambisjonar, og dei under dekk treng ikkje vere harmlause. Heldigvis unngår filmskaparen framleis enkle svar, sjølv om kritikken er krass.

Glitrande gull

Eg ler høgt, medan eg stundom held halvvegs for augo. Historia tek artige vendingar. Svensken har som vanleg meisla ut ei mengd delikate scener. Han held kameraet mykje lenger enn det som sunt er. Det plar vere effektivt, men er i nokre høve irriterande her, nett fordi poenga kjem klart fram tidleg. Før har det i større grad skapt spennande endring nett når ein held og held.

Charlbi Dean er god som Yaya i si siste rolle før ho døydde i sommar. Filippinske Dolly De Leon er grådig kul som Abigail. Ho har ansvar for toalettvask, men dramatiske endringar gjev ho ein sjanse til å skine. Woody Harrelson og Zlatko Buric er ein artig duo.

Eit høgdepunkt er når dei to, som kommunist frå USA og russisk kapitalist, har sitatkonkurranse med Twain mot Reagan og Thatcher mot Marx. Båe er stupfulle, sjølvsagt.

I det heile er det mykje snop for dei som set pris på satire her. Triangle of Sadness er ikkje den beste gullpalmevinnaren av Östlund. Men han er framleis Ruben Östlund. Heldigvis.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I det heile er det mykje snop for dei som set pris på satire her.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis