Film

Ei magisk-realistisk oppveksthistorie

Miyazaki-klassikaren Kikis budservice er tilbake på norske kinoar.

Etter å ha hjelpt til i eit bakeri får Kiki ideen om å byrje med eigen bodservice.
Etter å ha hjelpt til i eit bakeri får Kiki ideen om å byrje med eigen bodservice.
Publisert

I 1971 reiste to japanske filmskaparar, Isao Takahata og Hayao Miyazaki, til Stockholm med eitt mål: å overtyde Astrid Lindgren om å la dei filmatisere Pippi Langstrømpe. Men Lindgren sa nei, og dei drog tomhendte heim. Eller ikkje heilt. I 1989 regisserte Miyazaki Kikis budservice, ei forteljing om ei ung heks som flyttar heimanfrå for å bli vaksen. Stockholm var framleis i medvitet til Miyazaki, som baserte Koroko, «byen ved havet» som Kiki reiser til, på bilete frå Sverige.

(U)tryggleiken

13 år gamle Kiki deler også eigenskapar med Pippi: eigenrådig, sjølvstendig, kreativ, spontan og full av liv. Ho møter, som Pippi, utfordringar i miljøet. Når Kiki kjem til Koroko, står ikkje byen klar med opne armar. I ei scene prøver Kiki desperat å navigere sopelimen sin gjennom elva av bilar. At ho nesten hamnar i ei ulykke, bryr ingen seg om. Sett vekk frå ein politimann, som meiner ho har brote trafikkreglane.

Men når Kiki møter den høggravide bakarkona Osono, endrar tilværet seg. Osono gir Kiki eit rom mot at ho hjelper til i bakeriet. Og så snart Kiki kjenner seg trygg, kjem ideen om å starte med bodservice.

Ein annan ting Miyazaki har til sams med Lindgren, er evna til å ta barn på alvor. Kikis overgang frå barn til vaksen blir skildra med stor forståing for barndommen som ligg bak, og den frigjerande, men utfordrande tida som ventar. Det verkeleg geniale med filmen er den subtile måten Miyazaki fortel denne oppveksthistoria på.

Tvilen

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement