«Eg yter null motstand i møte med publikumsfrieriet»
Filmmelding: Perfect Days (Wim Wenders)
Kôji Yakusho (t.h.) vart kåra til beste skodespelar i Cannes i filmen som no er Oscar-nominert.
Foto: Master Mind / Arthaus
Drama
Regi: Wim Wenders
Perfect Days
Med: Kôji Yakusho, Tokio Emoto, Arisa Nakano
Kinofilm
Presentasjonen høyrest ikkje særleg munter ut. Perfect Days handlar om ein einsleg mann som byrjar tidleg kvar dag i ein hektisk jobb med å vaske offentlege toalett i Tokyo, og som bryggjer på noko sårt frå gamalt av. Ingen openberr fest, altså.
Hirayama (Yakusho) er ein mild mann som er både låg- og fåmælt. Etter kvart blir vi betre kjende med han i møte med folk, gjerne som kollega eller kunde. Han er ein likande kar. Men eit møte med niesa Kino (Nakano) utfordrar det rutineprega livet.
Kulturkaren
Perfect Days er lett å like. Ein kjem fort inn i rytmen til Hirayama. Eg nyt detaljane, slik han gjer det. Han steller tre og planter, tek bilete, høyrer på klassisk rock og pop på kassettar, les bøker, nyt ein matbit og ein tår på stamkneipa. Detaljfokuset dominerer jamvel dovasken.
Artige samhandlingar med andre gjev lun stemning. Kôji Yakusho i hovudrolla ber ein mild, uimotståeleg sjarm. Ikkje rart han vann prisen for beste hovudrolle i Cannes. Utviklinga i uttrykk er subtil. Tidsnok byrjar kjenslene å svinge både for Hirayama og for oss. Gradvise dryp av informasjon endrar tonen.
Musikken den flittige arbeidaren høyrer på i bilen, trekkjer ikkje ned stemninga. Vi får nokre av dei mest kjende låtane til The Animals, Otis Redding, Patti Smith, The Kinks, Van Morrison og så bortetter. Kanskje ein trudelutt av Lou Reed. Dei vestvende vala er naturlege for tyske Wim Wenders. Eg yter null motstand i møte med publikumsfrieriet.
«Ein får lyst til å gå på do i Tokyo.»
Nasjonal turistveg
Omgjevnadene er reine glansbiletet. Toaletta er topp. Det verkar som kvardagshelten har det kjekt på jobb òg. Mistenkeleg kjekt. Ein kan godt seie at dette er eit tingingsverk. Wim Wenders blei invitert til å sjå på dei flunkande nye toaletta i Tokyo. Nippon.com fortel om korleis dette vellykka byutviklingsprosjektet kom seg til Cannes med Wenders.
Bra for likestillinga er prosjektet òg. Reklamen er effektiv. Ein får lyst til å gå på do i Tokyo. Kven kan stå imot koselege bilturar mellom flotte, moderne do. Eg er med.
Perfect Days er først og fremst koseleg. Etter leik med ulike format og fleire dokumentarfilmar, mellom visuelt nydelege Jordens salt og det enkle helteportrettet Pope Francis: a Man of his Word, er regissøren av klassikarar som Paris, Texas tilbake i form med fiksjon.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.