Film
Dynamisk duo
John David Washington og Zendaya briljerer i stramt kammerspel om film og forhold.
John David Washington som Malcolm og Zendaya som Marie i kammerspelet i sanntid.
Foto: Dominic Miller / Netflix
Etter ein festpremiere som fengsla publikum, kjem regissøren Malcolm (Washington) og kjærasten Marie (Zendaya) heim til den råflotte kåken produksjonsselskapet har fiksa.
Malcolm svevar i lukke. Marie ser mindre imponert ut. Feiringa glir fort over i kjekling. Med nokre pustepausar varar den usannsynleg velartikulerte kranglinga i 106 intense minutt.
Skarp ordstrid
Filmen spelar seg ut i sanntid utan hopp. Kammerspelet har stramme rammer. To ofseleg imponerande skodespelarprestasjonar gjev kraft til framsyninga. John David Washington har gjort kometkarriere med BlackKklansman og Tenet, men utfaldar seg meir her.
Zendaya held fram samarbeidet med regissøren Sam Levinson frå den hylla serien Euphoria. I rolla som Marie viser ho breidd, nyansar og styrke. Dei to skodespelarane har ein veldig energi. Det er utmattande og fascinerande. Ein kan knapt tru kva sårande spit dei lirar av seg.
Sympatien vekslar. Stundom tenkjer eg at båe er sjølviske svin, men brått forstår ein, trass alt. Drivet vekslar dynamisk med snedige vendingar. Dei munnrappe kamphanane har òg kjærleik til kvarandre. Temaa vekslar mellom forholdet deira og filmen. Eg har mindre tolmod med det romantiske dramaet, men innser gradvis at dei to emna heng saman.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.