Film
Draumefabrikken
Pastisj og politikk overdøyver action i ny Wonder Woman-film.
Diana (Gal Gadot) vil leve eit normalt liv og ikkje nytte superkreftene sine så mykje, men så skjer det noko.
Foto: Clay Enos / SF Norge
Diana (Gadot) operer som Wonder Woman mot kjeltringar i Washington mellom arbeidsøktene på Nasjonalmuseet. Den keitete nye kollegaen Barbara Minerva (Wiig) ser opp til den elegante og sjølvsikre vedunderkvinna. Samstundes snik den sleipe oljeseljaren Maxwell Lord (Pascal) seg innpå. Han vil sikre seg ein stein som kan oppfylle alle draumar.
Åttitalsfest
I ei spektakulær opningsscene frå Themyscira tevlar Diana som barn og får vite at det ikkje ligg ære i å vinne med juks og løgn. Så hoppar vi til USA på åttitalet, landet der Gordon Gekko i Wall Street kjenner seg heime. Den estetiske ideen om tiåret skrik mot ein. Fargane, kleda, kjøpesentera, teknologien – alt er på plass. Småskurkane verkar snytte ut av nasen på åttitalsfilmen Hjemme alene frå 1990. Kirsten Wiig er ein vimsete variant av tidleg Meg Ryan.
Draumesteinen som løyser ut dramaet, er som stolen frå Indiana Jones. Det blir forsterka av ein mildt orientalistisk snartur til Egypt. Alt skjer til tonane av Hans Zimmer, som aldri har svike pompøs filmmusikk frå åttitalet. Her er han nærare filmane om karibiske piratar enn monumentale Den tynne røde linjen. Diana verkar snarare tidlaus i det majestetiske vesenet til Gal Gadot. Ho som var ein naiv nykomling i første film, har røynsla frå tallause tiår no.
Politisk plass
Maxwell Lord asar seg opp over ny makt og liknar meir og meir på ein parodi på den faktiske presidenten under innspelinga. Egoisme og løgn er rota til vondskap. Ei verd der alle får viljen sin, står ikkje til påske. Politikken er påtrengjande i Wonder Woman 1984. Uønskt seksuell merksemd er smart skildra med stadig mas frå menn.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.