Film

Distinkt Disney

Gode Justin Simien lukkast lagom i maskineriet til mektige Disney.

Ein gjeng såkalla spirituelle ekspertar prøver å bli kvitt dei overnaturlege bebuarane i huset.
Ein gjeng såkalla spirituelle ekspertar prøver å bli kvitt dei overnaturlege bebuarane i huset.
Publisert Sist oppdatert

Den utmerkte astrofysikaren Ben (Stanfield) har enda opp som deprimert og utilpass turistguide i New Orleans. Ein tvilsam prest (Wilson) dukkar opp og vil at Ben skal bruke det såkalla skrømtkameraet sitt til å forstå kva som skjer i herregarden der Gabbie (Dawson) og sonen har flytta inn. Ben er skeptisk til alt, men treng pengar. Han må freiste å finne helten i seg sjølv når det brått kryr av skrømt.

Talent

Det skortar ikkje på dugleik i Haunted Mansion. Regissør Justin Simien debuterte med satiren Dear White People i 2013. Suksessen med eit skarpt svart perspektiv på tanketom kvit majoritet resulterte i ein serie med same namn på Netflix frå 2017 til 2021. Han viste at han kan blande humor med skrekk i den underhaldande filmen Bad Hair (2020), som hersa med musikkbransjen. Simien har noko av den same elegante teften som Jordan Peele (Get Out og Us) for å bruke sjangerfilm til kritikk av rasisme.

Med seg på laget no har Simien manusforfattar Katie Dippold, som har fartstid frå artige komediar med Paul Feig. Saman sikrar dei ein grei dose smarte vitsar i Haunted Mansion. Stjerna LaKeith Stanfield i hovudrolla viste liknande lakonisk lynne i morosame Sorry to Bother You. Owen Wilson er seg sjølv lik, som ein skranglande gjest frå ein Wes Anderson-film. Danny DeVito får alltid fram smilet mitt, og Jamie Lee Curtis er sjølvsagt kul. Eg ser òg fram til å sjå meir av Chase Dillon, som gjer det sterkt som den høflege niåringen Travis. Mange har altså mykje å fare med her.

Pengar

Likevel blir Haunted Mansion middels underhaldning. Dei største studioa kan knekke store talent med å pøse pengar på dei. Resultatet skal vere harmlaust og selje billettar til både kino og moropark. Filmen hadde premiere i Disneyland i sommar, der ein finn attraksjonen historia er basert på. Det herskar ingen tvil om at prosjektet er ei brikke i eit større økonomisk spel der alt frå Disney skal løftast opp i ei høgare profitteining.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement