Film
Diger Dune
Denis Villeneuve innfrir store forventingar med ein monumental film.
Filmen fortel om den mytiske og kjensleladde heltereisa til Paul Atreides.
Foto: Chia Bella James / SF Studios / Warner Bros.
Alejandro Jodorowsky fekk aldri fullført. David Lynch syntest som alle andre at hans eiga filmatisering av romanen Dune av Frank Herbert var mislykka. No har entusiastar venta i spenning på det nye forsøket til Denis Villeneuve, som fekk eit massivt budsjett for å overføre det vidgjetne universet til kinolerret. Med den første av det som etter planen skal bli to filmar, har det gått bra. Særs bra.
Majestetisk
Alt ser utruleg flott ut. Utsøkte detaljar i kostyme og kulissar. Brutalistisk arkitektur på sitt beste med islett av mellomalderestetikk. Stilige steinformasjonar frå Stadlandet til jordanske Wadi Rum. Mekanikk trumfar det digitale i myggliknande småfly. Mørket er mektig. Dei visuelle effektane er prikkfrie. Det verkar som kinolerretet ruvar. Det massive musikalske lydbiletet av legendariske Hans Zimmer er kraftfullt i staden for irriterande. Rollelista er vill.
Dette er den typen produksjon som tek seg råd til å ha med ei gneistrande Charlotte Rampling i nokre minutt bak eit slør og gje stoiske Javier Bardem to stutte scener. Trioen Timothée Chalamet, Rebecca Ferguson og Oscar Isaac tek naturleg føringa med solid spel.
Målarstykke
Tyngda i estetikken speglar tunge, store spørsmål. Handlinga er episk. På ordre frå Imperiet lyt slekta Atreides, leia av hertugen Leto (Isaac), reise til den farlege ørkenplaneten Arrakis, der sonen Paul (Chalamet) må bryne seg på openberre og skjulte farar. Han er ein mildt motvillig messiansk figur som har arva mektige krefter av mora, Jessica (Ferguson).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.