Film

Dickens i fargar med driv

Satirikaren Armando Iannucci har laga ein visuelt påkosta familiefilm med spor av sin eigen frekke stil.

Dev Patel, Tilda Swinton og Hugh Laurie er glimrande i Iannuccis Copperfield-film.
Dev Patel, Tilda Swinton og Hugh Laurie er glimrande i Iannuccis Copperfield-film.
Publisert

Klassikaren av Charles Dickens om den fantasifulle David Copperfield har blitt film eller fjernsyn minst fjorten gongar, men sist romanen vart regissert som spelefilm for kino var av George Cukor i 1935, utan fargar. Ein gler seg når Skottlands skarpe humorist Armando Iannucci skal svinge seg med store studiopengar og soga om ein kar som etter ein turbulent oppvekst får fram talentet sitt for historieforteljing.

Britisk brodd

Komikaren Iannucci var rasande festleg med filmen In the Loop. Eg skrattlo av fjernsynsserien Veep, og The Thick of It er vidgjeten. The Death of Stalin var òg morosam, sjølv om det er rart at britisk film og fjernsyn har gjort det til si oppgåve å leike seg med russisk historie dei siste åra. No er skotten i eit anna landskap, med litterær adapsjon og komisk kostymedrama. Brodden er ikkje borte, men dei mørke sleivsparka er færre, og filmen er meir familievennleg. Sjølv om Peter Capaldi er med, set han ikkje ny rekord i banning per sekund, slik han plar. Faktene til skodespelarane er tydelege, og lakonisk bitande kommentarar spelar ei mindre rolle enn fysiske speloppar.

Fantasirikdom

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement