Film
Det femte elementet
Den nye filmen frå Pixar er ein idérik og kjekk variant av Romeo og Julie.
Den nye filmen frå Disney og Pixar handlar om venskap, mangfald og aksept.
Foto: Pixar / Disney
Ember (Lewis) kjem frå ein eldfamilie som kom til Element City som migrantar. Faren Bernie (Del Carmen) driv ei sjappe som sel mat frå heimlandet. Ember skal ta over når ho er klar. Vassfolk i sentrum ser ned på eldinnvandrarane. Skepsisen er gjensidig.
Folk av jord og luft er med på å gje ein blanda by. Ein dag renn vassbyråkraten Wade Ripple (Athie) inn i kjellaren til familiebutikken. Han og Ember kranglar. Han er vatn. Ho er eld. Wade blir blaut om hjarterota, og det slår gneistar mellom dei to. Det byrjar med plask og endar med bleievask.
Størst er kjærleiken
Elemental fløymer over av slik språkleik. Ein lyt konsentrere seg for å få med alle vitsane om vatn, eld, jord og luft. Eg smiler godt rett som det er. Animasjonane er uttrykksfulle. Det flakkande og bøyelege i flamme- og vassfolk gjev liv. Samspelet mellom elementa er artig. Slapstick står sentralt. Regissøren Peter Sohn viste at han kan dette med morosame Den gode dinosaur.
Byen er full av fantasifulle konstruksjonar. Han liknar ein ljos og fargerik versjon av New York. Det animerte universet er innfallsrikt på line med Gotham til Batman, ein dyster storebror frå superheltverda. Wade ser at bymiljøetaten ikkje har ting på stell i utkantstrøka der Ember og familien held til. Ulikskapen er ein avgrunn. Kan kjærleiken vinne over motsetningane mellom elementa?
Ver vatn
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.