JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Det er økonomien, dummen

Spenningsserie frå eit samla Europa skildrar finansverda med kunnskap og klisjear.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Spenningsserien frå eit samla Europa skildrar finansverda med kunnskap og klisjear.

2408
20200508
2408
20200508

THRILLER/DRAMA

Regi: Nick Hurran og Jan Maria Michelini

Devils

Med: Alessandro Borghi, Patrick Dempsey, Laia Costa
Serie på C More og TV2 Sumo
frå 10. mai

Italienske Massimo (Borghi) er høgt på strå i finansdistriktet i London i 2011. Jakt på makt og finansiell akrobatikk i global skala fyller ein thriller som opnar med at ein av toppane fell i døden frå skyskraparen til New York London Investment Bank. Er det sjølvmord? Spelet er skite i stor skala.

Eurosona

Fiksjonsforteljinga om finansfolka er kryssklipt med glimt frå nyhende frå arkivet. Protestar i Hellas, bombinga av Libya, eurokrise og krigen i Afghanistan heng saman. Finans er ikkje ei boble. Scenarioet er fullsett med ein fiktiv variant av Wikileaks. Serien er basert på ei bok av Guido Maria Brera. Han har bakgrunn som finansmann, og kunnskapen om feltet kjem tydeleg fram. Kriser er kjekke for dei som tenar på henne og skålar i champagne medan folk fell i fattigdom. Vala deira har katastrofale konsekvensar. Det blir hamra inn. Manusforfattar Ezio Abbate skyt skarpt mot finansverda, men viser sympati for folk der. Massimo er ein attraktiv figur, spelt med kraft og sjarm av Alessandro Borghi. Han frontar ein sterk stab frå ei rekke land. Produksjonen har røter i Italia, men Spania, Polen, Nederland og Danmark leverer òg topp talent til eit anglosentrisk univers.

Elementært

Skodespelarane er gode, og produksjonen er stor. Dei narrative rammene skapar spenning langt utover spel om sex og status. Likevel er det nokre grunnleggjande irriterande element i Devils. Dialogane er fullpakka av velbrukte vendingar. Det blir til tider keitete og teit. Musikken er grelt generisk. Tilbakeblikk og repetisjonar, sakte film og fjongt flimrande klipp som speglar hektisk modernitet, plagar meg. I innleiinga får vi obligatoriske scener frå skjermar med tal, telefonar og travle menneske i ein bygning av glas og metall. Dei er resirkulerte. Skildringa av finansfolka blandar fetisj og kritikk på stilistisk svakare vis enn nokre suksessfulle spelefilmar, men i innhald nokso nyansert. Etter halvspelt sesong er eg spend på slutten, men sliten av klisjeane. Ein lyt vel strøyma vidare til kinoane opnar.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis