Den talentlause Mr. Lodge
Kjekk kinofilm er kjekt!
Julianne Moore som Margaret og Matt Damon som Gardner i filmen som er regissert av George Clooney.
Foto: Hilary Bronwyn Gay / SF Studios
Krim/drama
Regi: George Clooney
Suburbicon
Med: Matt Damon, Julianne Moore, Noah Jupe
Samstundes som ein svart familie flyttar inn i det kritkvite nabolaget i forstaden Suburbicon, skjer det fæle ting i huset ved sida av. Vesle Nicky (Jupe) og familien Lodge vert rana, og guten vert vitne til at mora (Moore) døyr. Tanta (også spela av Moore) flyttar inn for å hjelpa faren (Damon), men livet skal ikkje verta enklare for Nicky av den grunn.
Coeney
Kva får ei stjerne som George Clooney til å vilja gå bak kamera i staden for framfor? To gode grunnar kan vera at manusforfattarane heiter Joel og Ethan Coen. Dei har sjølv produsert og regissert fleire suksessar som A Serious Man (2009), O Brother Where Art Thou (2000) og Hail, Caesar (2016), for å ta eit ørlite utval. Som i nemnde filmar likar dei å leggja handlinga til 50-talet, til ei tid som var både enklare, men samstundes grufull med segregering, rasisme og kvinnesyn. I Suburbicon har brørne Coen verkeleg velta seg i denne estetikken og problematikken, elegant bunde saman av ein nesten karikert slem familietragedie. Kva Clooney har bidrege til som regissør som ikkje brørne kunne gjort sjølve, er eg usikker på, men han har ikkje gjort skam på oppgåva.
Popcorny
Det er noko nytingsfullt ved å sjå ein film som rein underhaldning. Visst er det spit til strukturell rasisme, men meir som eit bakteppe og utan at det verkar flåsete av den grunn. Men det viktigaste i Suburbicon er den dysfunksjonelle familien og dei perverterte sakene somme kan få seg til å gjera. Om Matt Damon var talentfull som Mr. Ripley, spelar han ein meir taparaktig versjon her – ein dash kjip Damon, ein dash Coen-historie og ein dash blod, så er me på sporet av ein god kinofilm.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Sofi Oksanen er av dei forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.
Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons
Vald mot kvinner som våpen
Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
Studentar mot politi ved Columbia- universitetet 30. april, då Palestina- aktivist-leiren skulle rivast.
Foto: Caitlin Ochs / Reuters / NTB
Ekko frå sekstiåra
Demonstrasjonane mot Israel og Gaza-krigen på universitet i USA vekkjer til live minnet om studentoppstandane i seksti- og syttiåra.
Eit portrett av filosofen Germaine de Staël, ein sveitsisk filosof som levde og virka 17- og 1800-talet. Ho er ei av fleire kvinnelege filosofar som har fått meir merksemd dei siste åra, ikkje minst takka vere arbeidet til filosof Kristin Gjesdal.
Filosofiske forviklingar
Professor Tove Pettersen meiner filosofifaget har eit likestillingsproblem.