JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Den gamle skulen

Åttiåringen Marco Bellocchio vann det meste på David-utdelinga i helga med ein heilstøypt mafiafilm.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Marco Bellocchio har laga eit nytt mafiakrimdrama.

Billete frå traileren.

2421
20200515
2421
20200515

DRAMA/KRIM

Regi: Marco Bellocchio

The Traitor (Orginaltittel: Il traditore)

Med: Pierfrancesco Favino, Luigi Lo Cascio, Maria Fernanda Cândido
Film på SF Anytime / Blockbuster / Google Play

I den lange lina med spelefilmar, dokumentarfilmar og seriar om sicilianske Cosa nostra er Tommaso Buscetta (Favino) som regel ein perifer figur. I ein mafiasjanger prega av «fetisjering» vekkjer han lite sympati. Tystaren er ein trist figur. Frå ringreven Bellocchio får vi no forteljinga til den første store capoen som song til salige dommar Giovanni Falcone og braut omertà.

Hemnaren

Tommaso Buscetta budde i Brasil tidlig på åttitalet og var kjend som bossen av to verder. Samstundes var Palermo eit blodbad der både broren og to søner strauk med. Buscetta ville ha hemn. I 1984 blei han levert til Italia, der Falcone fekk han i tale. Tid og stad kjem støtt på skjermen med detaljar frå den sanne historia.

The Traitor er mørk, melodramatisk og tek seg tid. Etter glimt av glamour i Rio de Janeiro og skothagl i Italia legg filmen vekt på han som snakkar, tenker og har mareritt med rot i røynda. Pierfrancesco Favino er stødig i hovudrolla. Nokre andre mafiosi glimrar, og Luigi Lo Cascio slo sjølve Roberto Benigni under David di Donatello-prisutdelinga med ei herleg birolle. Musikken, av Nicola Piovani, som nærmar seg to hundre filmar på CV-en og vann Oscar for Livet er herlig (1997), er stundom effektfull.

Retten

Samtalane mellom Falcone og Buscetta er spennande, men stutte. Sexscenene verkar mindre motiverte, men får fram damefuten og skil slik Buscetta frå den blodtørste capo dei capi, Totò Riina. Det kjekkaste er scenene frå rettssalen. Dei lagar eit salig sirkus. «Hanrei» og andre historiske skjellsord haglar. I dei juridisk rare kryssforhøra er manus og skodespelet på sitt beste, utan glatt perfeksjon, som når ingen forstår Totuccio Contorno (Lo Cascio), som ikkje kan italiensk, berre siciliansk.

Marco Bellocchio har runda tjue filmar og fylt åtti år. Han har vore ei stemme i italiensk film sidan midt på sekstitalet og held fram med å lage solide filmar. Det kjennest rett at han fekk seks store prisar under den viktigaste filmprisutdelinga i Italia.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dokumentarfilmen følgjer Sondre Justad på ferda frå guterommet i Henningsvær til livet som popartist i Noreg.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Filmen om Sondre Justad er både nordnorsk allsong og lovsong av det nordnorske.

Brit Aksnes

Heidi Gjermundsen Broch speler Vilde, her omgitt av dei imaginære «personane» i romanen, Rotta og Reven, spelte av høvesvis Karl-Vidar Lende og Thea Lambrechts Vaulen.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Leiken mot døden

Ei spenstig blanding av det brutale og det vakre i ei framsyning som godt kunne vore korta ned.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis