Film

Dei obskure objekta til Deneuve

Frankrikes fyrstefrue og dottera er i form i ei fin litterær filmatisering.

Catherine Deneuve og Chiara Mastroanni i rollene som mor og dotter.
Catherine Deneuve og Chiara Mastroanni i rollene som mor og dotter.
Publisert

Claire Darling (Deneuve) held hagesal fordi Gud har sagt at ho skal døy til kvelden. Folk strømmar til det storslåtte, landlege herskapshuset. Ho, dottera og ei venninne freistar få orden på det staselege arvegodset og dei såre minna dei ber på. Dottera til Catherine Deneuve, Chiara Mastroianni, spelar dottera til Claire. Julie Bertuccelli har filma i huset til si eiga bestemor, så denne filmen har fleire familieprosjekt.

Mørk mor

Claire tutlar. Ho blandar naboguten med sonen og levande med døde. Mørke minne sklir saman med notid. Visuelt viklar regissøren fortid inn i bileta på dristig vis, og Claire er ikkje den einaste som ser rare ting. Minna er tydelege nok til at vi heng med på kva element som er draumlike, utan at dei er estetisk annleis. Smakfullt og subtilt får Bertuccelli fram kor vektige slike minne er, spesielt når nokon rotar til røynda.

Chiara Mastroianni er som snytt ut av nasen på faren Marcello. Ho spelar like godt som foreldra. Drivne Deneuve overtyder òg som ei til tider isande kald mor. Det er ikkje rart at det er lenge sidan dottera var innom. Tilbakeblikk tyder på at ting tar plassen til kjensler. Bit for bit får vi glimt som gjev forståing for friksjonen mellom generasjonane. Materien er mørk. Skildringa er leiken og tilgjengeleg.

Bok blir bra

Lyddetaljar frå alle dei tikkande og knirkande leikane frå attenhundretalet gjev eit rikt lydbilete med vind og vendingar i oppfatninga av røynda. Stilla slepp stundom til. Vi slepp ei forklarande forteljarstemme, slik film basert på bok ofte har. Ein anar at dei fasinerande tinga har tiltrekkingskraft av årsaker som vakar i skuggane av fortida.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement