Film

Dans med demonar

Marvel held fram imperiebygginga med tettpakka action og kinesisk koreografi.

Wenwu (Tony Leung) og Shang-Chi (Simu Liu) i den nye Marvel-filmen.
Wenwu (Tony Leung) og Shang-Chi (Simu Liu) i den nye Marvel-filmen.
Publisert Sist oppdatert

Shaun (Liu) og Katy (Awkwafina) parkerer bilar for gjester på eit fint hotell i San Francisco. Sistnemnde er ein resar bak rattet, mens ein slåstkamp på bussen viser at Shaun har skjulte talent.

Han er Shang-Chi, ein smidig superhelt. Dei to lyt reise til Macao med mål om å finne systera hans, men far deira og organisasjonen Dei ti ringane steller i stand storstilt trøbbel.

Inn med draken

Det blir flust av slåstkampar. Dei er sirleg koreograferte, ofte dansande i sakte film.

Førre Marvel-film, Black Widow, merka ein at var regissert av Cate Shortland, som er van med stemningsfullt drama.

Regissør Destin Daniel Cretton strekker seg mot austasiatisk kampsportfilm for inspirasjon.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement