Film

Chile kjem

Sommaren for store skiljevegar er skildra med stor sans for oppvekst.

Vi følgjer opp- og nedturane til tenåringen Sofía, spelt av Demian Hernández.
Vi følgjer opp- og nedturane til tenåringen Sofía, spelt av Demian Hernández.
Publisert

Sekstenåringen Sofía (Hernández) bur saman med faren og syskena i eit kollektiv av frie sjeler utanfor Santiago den sommaren dei feirar nyttår og ei ny tid, sidan ein demokratisk vald president skal ta plassen til Pinochet i 1990. Sommaren er spennande, sansane er sterke.

Frå ungdommen

Sentrale saker for kule Sofía er kjederøyking, kanskje seksuell debut og spørsmålet om mora kjem på festen. Vetlesystera tenker berre på hunden som stakk av. Ikkje forvent gode forklaringar på protestane i Chile i dag eller forrykande framdrift. Stemning og miljøskildring meistrar derimot Dominga Sotomayor til fulle. Som i De jueves a domingo (Frå torsdag til søndag) viser ho stor teft for å sjå verda gjennom linsa til den yngre garde. Demian Hernández som Sofía er glimrande med sine søkande blikk. Ho er skråsikkert usikker som berre tenåringar kan vere. Uroa i augo skin gjennom dampande røyk. Filmen er full av fine detaljar, som ein 2CV-kassebil og hund i sakte film. Slikt pregar minna frå ein dramatisk sommar for ein tenåring på veg mot livet. Skildringa av oppvekst er ofseleg god.

Poetisk politikk

Berre allegorisk anar vi overgangen landet står andsynes. Framtida med eigne avgjerder i vaksenlivet er lunefull. Å rive seg laus er like vanskeleg for Sofía som det er for Chile å bryte med arven frå Augusto Pinochet. Tittelen kan verke som ein parodi på Mirakelet i Turistmål, men han er god. Han tydeleggjer parallellen mellom det personlege og det nasjonale. Om Pablo Larraín plar briske seg med ironisk distanse midt i det politiske smørauget, speglar Sotomayor det politiske poetisk frå periferien.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement