JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Cannes kom att med knall

CANNES: Etter ein avgrensa festival i fjor er verdas viktigaste filmfestival for alvor tilbake.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Regissøren Charlotte Wells byr på eit gullkorn, meiner Håkon Tveit, som rosar unge Frankie Corio i hovudrolla. Faren blir spelt av Paul Mescal.

Foto frå filmen

4815
20220527
4815
20220527

Filmfestivalen i Cannes

Cannes 17.–28. mai

Filmverda er vedunderleg og vemmeleg. I Cannes finn vi alt. Då oppfølgjaren til den påkosta militærrekrutteringsvideoen Top Gun (1986) hadde premiere på croisetten sist onsdag, flaug fem jagarfly over palasset og farga himmelen i raudt, kvitt og blått for å feire Tom Cruise og gjengen.

Det var vulgært. Men det er mykje vakkert å sjå i kalde kinosalar skjerma frå den gilde middelhavssola.

Rævhol frå Oslo

Noreg har igjen film i det offisielle programmet. Den kjekke komedien Syk pike av Kristoffer Borgli har litt til felles med dei frankofile og Oslo-kjære trekka til Joachim Trier, som har vore fleire gonger i Cannes. Til forskjell frå hans film frå i fjor handlar faktisk Syk pike om verdas verste menneske. Den store skodespelaren Kristine Kujath Thorp og kunstnaren Eirik Sæther spelar to gedigne dritsekker. Dei tek støtt dei vala som skal tene dei sjølve, ofte i irritasjon over at nokon har hamna i godt ljos.

Borgli køyrer på med stendig drygare saker. Thorp får vist det komiske talentet vi såg i Ninjababy. Filmen har islett av dei ekle situasjonane ein kjenner frå Ruben Östlund, som i år har ein film lagd til ein sånn yacht ein ser i Cannes, og figuren til Thorp er ein meir usympatisk og talentlaus slektning av Gritt, frå ein annan flott fjorårsfilm.

Figuren hennar tek vel vitande eit rusmiddel som øydelegg huda i von om å få sympati og få ei rørande magasinsak med mange klikk. Typen stel stolar til kunstprosjekta sine. På Rivieraen går det rykte om at slikt skjer i hovudstaden. Skamlause Borgli har med ein figur i filmen med ei Cannes-trøye for å smiske med festivalen han helst vil ha premiere på. Det fungerer.

Ei fransk verd

Frankrike produserer enorme mengder film. Mykje av det beste kjem til Cannes. Ein original film på årets program er The Worst Ones av Lise Akoka og Romane Gueret, som har valt ut eit knippe av dei verste ungdomane i eit fattig og slite strøk nord i landet. Villstyringane skal spele i film, og eit vake auge ser at han som spelar regissøren, er ein kjend belgisk skodespelar. Filmen har lag på lag med meta. Alt fungerer kjensle- og tankevekkjande heilt glitrande. Ein lever seg inn i livet deira, ein blir usikker på kva som er ekte, og ein spør seg korleis filmfolk kan trengje seg på.

Eg gapte høgt og ofte av The Fabric of the Human Body av Véréna Paravel og Lucien Castaing-Taylor, som dokumenterer arbeidet på eit sjukehus i Paris. Vi kjem tett innpå og inni operasjonar på auge, prostata, skruesetjing i ryggsøyler, keisarsnitt og anna. Det var ei formidabel oppleving for ein som ikkje jobbar på sjukehus.

Tette koloniband

Dei tette banda til tidlegare koloniar er tydeleg i den sterke nordafrikanske delegasjonen på festivalen. Den tunisiske spelefilmen Under the Fig Trees av Erige Sehiri er ei sjarmerande skildring av flørting og krangling fortalt gjennom ein arbeidsdag. Her er unge og gamle, menn og kvinner. Filmen er feiande flott.

Det same gjeld den marokkanske kjærleikshistoria The Blue Caftan av Maryam Touzani om eit par av den gamle skreddarskulen. Ein ung læresvein og hyppige turar til hamam gjev dimensjonar til ein stram og open film. Egyptaren Lotfy Nathan har laga melodramaet Harka, om vonløysa som pregar Tunisia over ti år etter revolusjonen, medan Harkis frå Algerie av franske Philippe Faucon skildrar korleis kolonimakta svikta algeriarane dei sende i frontlina mot eigne landsmenn i frigjeringskrigen. Desse to filmane har mykje på hjartet, men når ikkje heilt opp i forma.

Dei beste

Dei fremste filmskaparane i Cannes får som regel filmane sine på kino i Noreg i året som kjem. I skrivande stund er det likevel uvisst om det gjeld den nye filmen til Cristian Mungiu. Rumenaren som vann Gullpalmen med 4 måneder, 3 uker og 2 dager, har laga ein knakande god film med RMN. Filmen frå Transylvania handlar om arbeidsmigrasjon, rasisme og mykje anna. I den multikulturelle regionen snakkar folk rumensk, ungarsk eller tysk, men når dei har jaga romfolk ut av landsbyen, tilset bakeriet nokre srilankarar og kaoset bryt laus. Sjeldan blir Europa i dag skildra så treffsikkert.

Eit anna gullkorn er Aftersun av den ukjende skotten Charlotte Wells. Heile debuten hennar går føre seg på ein turiststad i Tyrkia, der ein elleveåring og faren har ferie. Han ber på eit mørke, ho siktar mot ungdomstid. Båe er elskverdige, og unge Frankie Corio er overveldande god i hovudrolla. Vi anar den nye Lynne Ramsay.

Cannes er tilbake for fullt. Vonleg blir mange av desse filmane å sjå i Noreg om distributørar, kinoar og festivalar er vakne. Gled dykk.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor ved Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis