Film

Cannes breier seg

Kjende menn har fått meir mangfaldig og spennande selskap på croisetten.

Wes Anderson byr på ein science-fiction-romantisk komedie-dramafilm.
Wes Anderson byr på ein science-fiction-romantisk komedie-dramafilm.
Publisert

Som vanleg pregar overflod av pengar og dårleg smak gatene i Cannes under den store filmfestivalen i mai. Det kryr òg av kjekke filmfolk og -nerdar frå heile verda. For ein entusiast er det artig å støyte på Pedro Almodóvar i eit smug, og sjå gullpalmevinnaren frå i fjor og juryleiaren i år, altså Ruben Östlund, skubbe på barnevogna i sola.

Det er trongt i gangen på veg til toalettpause med frenetiske folk med mobilkamera på, fordi The Weeknd er på veg forbi. Kjendisfaktoren er eit sentralt element på den viktigaste filmfesten i verda.

Programmet har som alle andre år flust av ringrevar som er kjende for kinopublikummet i Noreg. Dei blir å sjå igjen. Asteroid City av Wes Anderson og Indiana Jones and the Dial of Destiny av James Mangold kjem alt i juni. Monster av Hirokazu Kore-eda, May December av Todd Haynes, Killers of the Flower Moon av Martin Scorsese, The Old Oak av Ken Loach og Fallen Leaves av Aki Kaurismaki har òg fått norsk kinodistribusjon.

Det er litt av ei liste. Fleire er garantert på veg. Sidan dei største namna uansett kjem på norske kinoar, er det kjekkaste i Cannes å jakte på filmar av ukjende regissørar, gjerne frå land vi sjeldan ser film frå, og som truleg berre får festivalvisningar hjå oss.

Reiselysta

Ein kjenner seg heldig når ein kan starte 17. mai med ei rekkje filmar som tek oss med til Kapp Verde, Mongolia, Marokko og Malaysia før ein rekk å skåle for Grunnlova. I den dels sjølvbiografiske Ama Gloria av Marie Amachoukeli blir ei seks år gamal fransk jente med kvinna som har passa på ho heile livet, heim til Kapp Verde for ein siste sommar. Formidabelt barneskodespel, varme sommarminne og sterke kjensler sender tankane til Charlotte Wells’ Aftersun, som var ei openberring i Cannes i fjor.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement