Film
Breiddefestivalen
Film fra Sør dekkjer eit mangslunge sør som utgjer langt dei fleste landa i verda.
For første gong er ein film frå Somalia Oscar-kandidat. Filmen er laga av Khadar Ayderus Ahmed.
Foto: Lasse Lecklin
Å definere eit globalt sør er vrient, men Film fra Sør har over 120 land å leite i med gigantiske Afrika, Asia og Latin-Amerika. Ein kan like greitt gå geografisk til verks.
Afrika
Guled & Nasra av Khadar Ayderus Ahmed kjem på kino i helga. Det sjarmerande dramaet er den første Oscar-kandidaten frå Somalia nokosinne. Filmen fortel om eit fattig par i nabolandet Djibouti som lever eit bibelsk drama med kamp på liv og død, og ekte kjærleik. Ein skal vere kynisk for å ikkje å heie på det godlynte paret.
Lingui er den nye filmen til den tsjadiske meisteren Mahamat Saleh Haroun. Uønskt graviditet er krise for ei jente på femten år med reglane mot seg. Sjølvhøgtidlege menn med religiøs fasade får så hatten passar. Lure damer som freistar omgå brutale lover og tradisjonar, er heltar. Gradvis utviklar filmen seg til eit nyansert og spennande drama med fine figurar og flotte bilete.
Den engasjerande dokumentaren As I Want av Samaher Alqadi frå Egypt handlar om seksuell trakassering under og etter demonstrasjonane i 2011. Ein møter flotte folk som gjer ein formidabel jobb for å endre høva for egyptiske kvinner til det betre.
Asia
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.