Bohemsk rakettmann
Då har vel Elton John fått ei så svulstig og prangande hyllest som han kunne drøymt om,
vil eg tru.
Taron Egerton (t.v.) spelar Elton John, Bryce Dallas Howard har rolla som Sheila, medan Richard Madden spelar John Reid.
Foto: David Appleby/ Paramount Pictures
Biografisk musikal
Regi: Dexter Fletcher
Rocketman
Med: Taron Egerton, Jamie Bell, Richard Madden
Korleis var fyrste halvdelen av livet til guten Reginald Dwight, som vart mannen Elton John? Som ein musikal, sjølvsagt! Slumpetreff førte til at Elton (Egerton) trefte tekstforfattar Bernie Taupin (Bell), noko som resulterte i fleire bestseljande plater. Når naturlege ingrediensar er ein fråverande far, ei dominerande mor og det glade sekstitalet i England, kan det ikkje bli meir høveleg for kommersialisering.
Krokodillerocketårar
No har både Rocketman og Bohemian Rhapsody vore planlagde i årevis, så Rocketman kan såleis ikkje seiast å vera ein film som skor seg på suksessen til sistnemnde. Likevel er det vanskeleg å ikkje samanlikna: gneistrande karismatiske engelskmenn som hadde si stjernetid på sytti- og åttitalet, begge med sceneutstråling og sansen for hitmaterial, og mannlege groupiar framfor kvinnelege. Og alt dei ville, var å bli elska. Som med Rami Malek i rolla som Freddie Mercury har Rocketman eit sterkt kort på hand med Taron Egerton som Elton John. Det er noko genuint hjartefølt over all smerte og frustrasjon han framviser, sjølv om det i stor grad er nøydt til å vera overdrive, sidan regissør Dexter Fletcher har hatt behov for å laga ein musikal. Om han tenkte å få ein slags Mamma mia!-effekt, burde han kanskje køyrt eit meir konvensjonelt manusgrep, for det blir nok altfor hard kost med sex, droger og rock ’n’ roll for potensielle tolvåringar på kino. Når det er sagt, håpar eg det ikkje kjem i vegen, for dette har dei inderleg godt av å sjå.
Helten John
Og så var det alle desse utbrota av dans og song, då. Anten likar ein det, eller så får ein eksem i auga og øyra av det. Eg tilhøyrer den siste kategorien, så eg klarar ikkje kosa meg skikkeleg, sjølv om eg har kost meg mykje med musikken til Elton John. Eg har sidan tenåra meint, og kjem sannsynlegvis alltid til å meina, at «Goodbye Yellow Brick Road» er ein av dei beste poplåtane som er skrivne nokosinne. Og når han blir tolka, får i det minste Bernie Taupin rettmessig heider – teksten er verkeleg halve songen. Framføringa blir uansett aldri så bra som originalen. Og sjølv om Taron Egerton ikkje er ein dårleg vokalist, vert heller ikkje han så bra som originalen.
Kostyma er derimot ein fest. Når rulleteksten går, får ein sjå dei side ved side, kopi og opphav – her har filmskaparane verkeleg gjort jobben sin, og det er ganske spektakulært. Like spektakulært som livsstilen Reginald Dwight skulle dyrka, med uhorvelege pengesummar ausande inn på kontoen. Den sjokkerande shoppegalskapen og promiskuøse framferda framstår i filmversjonen som ei slags ferdigutfylt fargeleggingsbok om livet hans – omriss av fjørprydar og paljettar, men ikkje så spennande å bla gjennom, nødvendigvis. Heldigvis har dei ikkje spart på gullflak og sølvdryss, så det er ei herleg rekke prangande tablå her, og ei fin nok historie om ein stor, stor artist og den sterke pennedragaren hans.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Rocketman har eit sterkt kort på hand med Taron Egerton som Elton John.
Fleire artiklar
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø
«Måltidet skreid fram under både lågmælte og høglydte sukk og stønn.»
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE