Blenda av Berlusconi
Den store filmen om sleipe Silvio er glatt og lang.
Toni Servillo er sjølvskriven i rolla som Silvio Berlusconi i patetisk figur.
Foto: Gianni Fiorito / Selmer Media
Drama
Regi: Paolo
Sorrentino
Loro
Med: Toni Servillo, Elena Sofia Ricci, Riccardo Scamarcio
Ingen skal vere betre skikka til å lage film om Silvio Berlusconi enn Paolo Sorrentino, som står bak glitrande gode Il Divo og Den store skjønnheten. Båe er estetisk elegante og seier mykje om Italia i vår tid. Berlusconi er (diverre) det viktigaste italienske maktmennesket i manns minne.
Den personlege, politiske Nanni Moretti skildra Silvio i spelefilmen Il caimano, og leikne Erik Gandini handsama mediemakta hans i dokumentarfilmen Videocracy. No står estetikar Sorrentino for tur.
Sleske Silvio
Tittelen Loro peikar på heiagjengen. Regissøren skapar eit ekstravagant portrett av ein grisk, korrupt og kjønnsdiskriminerande elite. Salet av draumar til dumme massar går strykande.
Toni Servillo er sjølvskriven i rolla som Il cavaliere i patetisk figur. Kulten rundt capoen er vulgær. Sex og dop står i fokus, og store flokkar med damer skal lette vegen til makta.
Ein får litt same inntrykket som med The Wolf of Wall Street, der Martin Scorsese i sin kritikk av kapitalismen i vanvare endar med å hylle dei verste vandalane. Eventuell kritikk av kvinnesynet svinn hjå Sorrentino hen i endelause scener der halv- og heilnakne kvinner med modellform ålar seg framfor kamera.
Bileta er like glatte som det glisande gebisset til gubben som har plaga politikk, media og fotball i Italia i mange tiår. Seksualiseringa i filmen er uråd å skilje frå dei lågpanna lystspela mediemogulen har fylt fjernsyn med. Sorrentino verkar like slesk som Silvio.
Lang lekse
I Italia er Loro delt opp i to filmar, men desse er klippa ned til éin film på to og ein halv time for internasjonal distribusjon. Dei kunne klipt meir. Loro er for lang. Enkelte dialogar verkar grunnlaust endelause. Fleire festscener er som fantasilause, lange musikkvideoar. Delane er heller ikkje smidig sett saman.
Først følger vi den fiktive næringslivsaspiranten Sergio Morra (Scamarcio), men etter tre kvarter skiftar fokus til Berlusconi, utan at overgangen verkar klart fundert. Snarare står det som eit sceneskifte mellom to filmar som på grunn av marknadsmekanismar no er ein litt keitete ein.
Kanskje venta eg for mykje, men Sorrentino skuffar, samanlikna med sitt vande nivå.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.