Film
Barnestjerna
Benh Zeitlin er tilbake med ein fantasifull og vakker versjon av Peter Pan.
Den norske fotografen Sturla Brandth Grøvlen har filma den nye versjonen av Peter Pan.
Foto: Another World Entertainment
Etter den nydelege debuten Beasts of the Southern Wild i 2012 har forventingane vore store før den nye filmen til Benh Zeitlin.
Hans variant av Peter Pan opnar på ein god gamaldags diner sør i USA. Ein kveld klyv niåringen Wendy (France) ut av vindauget og hoppar på eit tog som ein god loffar med dei eldre brørne på slep. Der slår frilynte Peter (Mack) fast at dei skal på eventyr. Snart er dei på ei tropisk vulkanøy der ei gruppe born sver at dei aldri skal bli vaksne.
Sjarmklattar
Dei er ein herleg gjeng. Zeitlin er framleis eit funn når det gjeld å regissere barn. Alt blir formidla gjennom perspektivet deira. Spirene spelar glitrande. Devin France og Yashua Mack er leiestjerner fulle av sjarm. Dei er språkleg friske og frekke. Historia har få grenser. Heng alt på greip? Neppe. Det er heilt greitt. Alt er seriøst barnsleg i beste tyding. Leik er viktig. Her er rikt med fantastiske eller magiske trekk. Filmen slår på stortrommer og blæs i horn musikalsk utan at det plagar meg. Frykta for å vekse opp er blanda med trongen til forteljingar. Litt engasjement for miljøet ligg og vaker.
Visuell draum
Sturla Brandth Grøvlen fekk skryt her i haust for formidabelt fotografi i ein haug med filmar. Det gjeld òg Wendy. Den taktile opningsscena er ein tour de force i bilete og lyd. Mjuke hårstrå viftar, nevar i mjøl, babybein på disken og glad lått i bakgrunnen. Etter intimismen på heimebane kjem store scener frå dei dramatiske opplevingane Wendy og vennene finn på. Draum blir blanda med minne. Filmen er oppfinnsam og kjekk å sjå på.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.