Film
Årsbeste for Brit
Filmen om Ali og Ava handlar om eit møte mellom einsame sjeler.
Foto: Arthaus
Å oppsummera filmåret sender meg kvart år inn i ein interessant tenkeboks. Kva gjer at ein film hamnar på lista?
Det betyr ikkje nødvendigvis at eg tilrår alle å sjå filmen, ikkje eingong at eg trur alle kjem til å lika han, men filmen må treffa meg rett i fleisen, med anten originalitet, bodskap eller dette udefinerbare som gong på gong trumfar filmatisk fornuft.
Virringa
Ein soleklar favoritt frå tidleg i 2022 er Ali & Ava av Clio Bernard. Eg elskar den ruskete dynamikken til Ali og Ava, og Adeel Akhtar må vera det mest sjarmerande virrehovudet dette filmåret. Og apropos virring, ingen filmar slo Everything Everywhere All at Once av regissørparet Daniels når det gjaldt å teppebomba auga og hjernen til publikum.
Ein som også likar å slenga på alt som finst av effektar, er Baz Luhrman, og sjølv om Elvis ikkje går ned i historiebøkene som hans beste film, er dei magiske augeblikka så til dei grader gåsehudframkallande at for min del endar filmen på lista.
Underhaldninga
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.