Film
Anime i Disneyland
Japansk animasjonsfilm tar opp tidstypisk tematikk på tamt vis.
Filmen handlar om den einsame tenåringsjenta Suzu som ein dag kjem over den virtuelle verda U.
Foto: Studio Chizu
Syttenåringen Suzu bur på bygda sør i Japan, langt frå all merksemd. Ho og faren slit med å snakka saman etter at mora døydde. Ifølge venninna hennar er Suzu ei grå mus, men i det verdsdekkande virtuelle universet U får Suzu leve ut draumane sine. Ho blir ein enormt populær songar og er fascinert av eit pøbelaktig monster der inne. Kven er han i røynda?
Generisk glatt
Belle er inspirert av Skjønnheten og udyret. At det er versjonen frå Disney som har påverka den japanske regissøren Mamoru Hosoda mest, er lett å sjå. Ein finn alle trekka ein klagar på når ein snakkar om «disneyfisering». Figurar og konfliktar er enkle. Romantikken er sentral. Ingenting er implisitt. Replikkane er irriterande resirkulerte. Musikken er preglaus og polert. Ideen om venleik er blå auge, store som tinntallerkar. Alle jentene har ein kropp à la Kate Moss på nittitalet, retusjert endå spinklare. Nerdevenninna har briller. Fantasien ligg lågt.
Anemisk alder
Ei mengd typisk aktuelle tema er med, som sosiale medium med kommentarfelt, utanforskap, netthets og kjendiseri. Bodskapar kjem med teskei. Moralen er «ver deg sjølv», som det er i 90 prosent av filmar for born. Ikkje at det er noko gale med det. Eg anar likevel ein avstand mellom tenåringsmiljøet som er skildra, og smårollingar som synest eit så enkelt filmspråk er greitt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.