«Andre runde av Dune duger, men må vi ha meir?»
Timothée Chalamet spelar Paul Atreides.
Foto: Warner Bros. Picture
Eventyr / Drama / Sci-Fi / Action
Regi: Denis Villeneuve
Dune: Part Two
Med: Timothée Chalamet, Zendaya, Javier Bardem
Kinofilm
Framhaldsskulen
Del to av det gigantiske Dune-prosjektet til Denis Villeneuve held fram der den førre slapp. No er Paul Atreides (Chalamet) hjå Fremen-folka i ørkenen på planeten Arrakis. Han har ein god støttespelar i Stilgar (Bardem), og det verkar som det er over snittet god stemning med Chani (Zendaya). Resten er splitta. Nokre trur Paul er ein profet, andre ein posør. Det blir gode dosar krig og litt kjærleik.
«Ein samlar trådane nokolunde fort når Dune: Part Two driv i gang.»
Fint og stort
Når eg les mi eiga melding av Dune frå 2021, slår det meg at eg var særs positiv. Likevel slit eg litt med å minnast mykje frå plotet. Stilen fengde nok mest. Ein samlar trådane nokolunde fort når Dune: Part Two driv i gang. Rytmen er framleis roleg. Scenarioa store. Maktkampen rå. Den fascistiske estetikken til Harkonnen-lakeiane er kombinert med ein retorikk frå leiarar om rotter som gjev ekko av å fremje folkemord. Det lyder urovekkjande kjent.
Det er lite nytt å seie om kvalitet og stil. Fotograferinga er ofte slåande. Musikken til Hans Zimmer er på sitt brutalt beste. Jacqueline West står for utsøkt kostymedesign. Ho har arbeidd mykje med Terrence Malick og Alejandro González Iñárritu, var Oscar-nominert for arbeidet med Dune og er no nominert for femte gong med Killers of the Flower Moon. Detaljane og teksturen er på høgste nivå. Spesielt gjeld det kleda til dei glitrande skodespelarane Charlotte Rampling og Florence Pugh. Dei får skine i nokre stutte sekvensar.
Mykje vil ha meir
Stilgar trer fram som meir sentral enn i første film. Javier Bardem får dimed meir plass, men diverre er ikkje dette den mest interessante karakteren. Han har mest som jobb å messe på for å hausse opp messiansk stemning rundt hovudpersonen Paul, framleis fint spelt av Timothée Chalamet.
Etter første film var nokre misnøgde med at filmen var eit seigt startskot. Eg kan ikkje sjå at avslutninga i dette nye kapittelet stengjer særleg mange dører for framtidig masseproduksjon. Snarare gjer dei porten vid og brei for framhald. Sidan HBO Max skal dundre på med ein forløparserie, kan ein anta at universet skal utvide seg i det uendelege, slik dei fleste univers i Hollywood gjer. Dei er av den skulen som helst held fram i same tralt. Eg trur eg er nøgd no.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.