JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Anatolisk apati

I ei ny eksistensiell øving av klasse teiknar Tyrkias toppregissør eit rikt bilete av tida si.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sinan (Dogu Demirkol) (t.h.) kjem heim til småbyen med ein draum om å verte forfattar.

Foto: Another World Entertainment Norway

2634
20190503
2634
20190503

Drama

Regi: Nuri Bilge Ceylan

Det ville pæretreet (Orig.tittel: Ahlat Ağaci)

Med: Dogu Demirkol, Murat Cemcir, Bennu Yildirimlar

Sinan (Demirkol) er ferdig som student i ein storby på kysten, og kjem heim til småbyen Çan, der far hans (Cemcir) krydrar tilværet som lærar med å spele vekk lønna på hestar, viss lønna kjem. Håpet til Sinan er å gje ut ei bok han har skrive mellom slaga som student. Er ein så heldig å få lærarjobb, er det sannsynlegvis i ein landsby aust i landet, men vegen frå litteraturstudent til å heve lønn som opprørspoliti er kort. Politiet og hæren er nærliggande yrkesvegar i Tyrkia om dagen, høyrer vi.

Drøfting i driv

Dette dramaet er dialogdrive. Sinan skvaldrar laus med ei lang rekkje figurar. Trass i tungt alvor, til tider, er det mange morosame replikkutvekslingar. Samtalane har spenning og ofte ein frekk tone. Nokre av samtalane er slitsame. Mannen masar. Alt frå to unge imamar i teologisk kjekling til krangling om gamle flammar og irriterande plaging av ein stakkars suksessrik forfattar er med mellom familiespliden. Kvart møte skildrar aspekt ved det tyrkiske samfunnet, samstundes som dei gjev heilskap til slitet Sinan kjenner for å finne seg sjølv og ambisjonane og frustrasjonane. Resignasjon truar.

Topp tre

Pengar prangar som problem. Det er dårlige tider. Dei nyutdanna har ikkje same sjansane som foreldra hadde. Generasjonskløft og forhold i familien står igjen som tema. Familiar og figurar er gjerne like misdanna eller særeigne som dei ville, tyrkiske pæretrea i tittelen. Difor kan ein forstå når faren saknar tida då læreplanen ikkje var ei tvangstrøye. Det er hardt å passe inn i nye heltehaussande forteljingar. Avmakta aukar. Boka Sinan har skrive, gjev namn til filmen. Han vil, som filmen, skildre folka som bur i området, mens dei høge herrane helst vil ha historier om heltar frå Troja og slaget om Gallipoli.

Det ville pæretreet har livleg lyd og er kjapp i klippen. Det skil seg frå lange, sakte sekvensar i tidligare filmar, men Ceylan held i hevd hangen til lange scener. Han held stilen med ei blanding av flotte utsnitt, originale vinklar og bilete som skildrar industri og skuggesider. Denne tyrkiske kjempa vann Gullpalmen med førre film, Vintersøvn. Han held høgt nivå no òg. Som før kan ein tilrå ein tur på kino for tankevekkjande, lærerik og vakker tyrkisk film.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det ville pæretreet har livleg lyd og er kjapp i klippen.

Emneknaggar

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis