Alltid Almodóvar
Pedro Almodóvar skildrar spanske traume slik berre han kan.
Pedro Almodóvar er oppteken av sterke fargar. Milena Smit og Penelope Cruz spelar hovudrollene.
Foto: Ymer Media
Drama
Regi: Pedro Almodóvar
Parallelle mødre (Orig.tit.: Madres paralelas)
Med: Penélope Cruz, Milena Smit, Israel Elejalde
Kinofilm
Fotografen Janis (Cruz) freistar finne restane av oldefaren, som i likskap med mange tusen andre blei avretta og kasta i ei umarkert massegrav i startgropa av diktaturet til Franco. Etter kjekke netter med ein rettsantropolog ligg ho på fødestova. Ho deler rom med tenåringen Ana (Smit), som ikkje gler seg til å bli åleinemor.
Båe nurka må til observasjon når dei er nyfødde. Ei stund etter fødslane seier venninna til Janis at ungen ser stadig meir «etnisk» ut. Skal tru kven som er mora?
Smerte og såpe
Almodóvar er Almodóvar. Han er god. Den spanske krumtappen slepp unna med mykje eg plar klaga på. Praten går ustanseleg. All informasjon og alle poeng blir sagt høgt. Alberto Iglesias smør på med strykarar. Manuset bognar av sprø vendingar eg veit kjem, à la såpeopera.
Den klare biletkvaliteten høyrer til same sjanger. Alt er melodramatisk. Alt er greitt. I aukande grad gjennom filmen overtyder den kastiljanske kolossen meg. Faste følgesveinar hjelper, med spesielt fint spel av Penélope Cruz og Rossy de Palma. Kombinasjonen av familieforviklingar frå samtida og den historiske spanske smerta sit som eit skot. På tampen kjem tårene.
Familiar i fargar
Den historiske tyngda slår. I første scene kjem det fram at statsminister Mariano Rajoy vil hindre folk i å minnest at familien blei drepne av fascistar. Forbodet mot minne står sterkt i Spania. Parallellen mellom forviklingar i notid og at mange diktatur stal borna til folk frå venstresida, er ein berebjelke i Parallelle mødre. Ein babycall i skurrande svartkvitt er eit hint saman med klassiske familiefoto. Men no sprakar fargane. Almodóvar elskar fargar. Knapt eit bilete manglar djupe, blodraude element eller gryande grønt fullt av håp.
Kulissane er pertentleg pakka av smakfulle detaljar med meining. Han krydrar både visuelt og i manuset med små og store skeive vink. Har du sett den kubanske filmen Jordbær og sjokolade, veit du verdien av ein jordbæris. Regissøren bryt sosiale strukturar. Han utfordrar kva ein familie kan vere, men legg vekt på kor viktig familie er. Familiefotoa frå den fremste filmskaparen i Spania dei siste tiåra har sprengkraft. I klassisk almodóvarsk stil målar han eit fargerikt bilete av Spania og skuggane historia kastar. Etter sterke Smerte og ære er spanjolen framleis i storform.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den klare biletkvaliteten høyrer til. Alt er melodramatisk. Alt er greitt.
Fleire artiklar
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Foto: Hatem Khaled / NTB
Krasnik og eg
Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.