Alle kunstens reglar
Siste film frå regissør Lanthimos ergrar meir enn han fascinerer.
Nicole Kidman og Colin Farrell spelar ektepar i den nyaste filmen til den greske regissøren Yorgos Lanthimos.
Foto: Norsk Filmdistribusjon
Drama / thriller
Regi: Yorgos Lanthimos
The Killing of a Sacred Deer
Med: Colin Farrell, Nicole Kidman, Barry Keoghan
Unge Martin (Keoghan) tek til å dukka opp på jobben til hjartelegen Steven (Farrell). Dei har klart ei historie som etter kvart vert avdekt. Det som i utgangspunktet var relativt harmlaust, byrjar skli ut når han involverer seg med resten av familien.
Lanthikosmos
Steven og ein kollega går nedover gangen i grøne operasjonsklede i starten av filmen. Heilt kvardagsleg diskuterer dei armbandsur. Alt her er det klart at Colin Farrell skal irritera meg med flat, monoton og tilgjord framføring av dialog resten av filmen. Vegen frå Irland til Hollywood har gått via actionfilmar som In Bruges (2008) og Miami Vice (2006), men han har funne seg ein bra alliert i regissør Yorgos Lanthimos for å koma seg over i creddelen av filmindustrien. Dei samarbeidde sist i The Lobster (2015). Den greske regissøren har sjølv teke steget nærare eit breiare publikum etter festivalfavorittar som Alps (2011) og Dogtooth (2009), med ditto drahjelp frå Hollywood-favorittar som Farrell og Kidman. Rett skal vera rett: Farrell er berre ei brikke i universet til Lanthimos, så eg får heller skulda sistemann for denne forkjærleiken for stilistisk skodespel og tablåaktige rolleprestasjonar.
Ikkje begeistra
I motsetning til The Lobster, der alt var fantasi og galskap, bevegar The Killing of a Sacred Deer seg i grenseland. For min del grenselaust irriterande, ikkje så gale for dei som toler ein dose surrealisme og urealistiske scenario midt i tilsynelatande normalitet. Å mislika ein film er ikkje alltid det same som å seia at han er dårleg. I tillegg til Colin Farrell er også rollefiguren til Barry Keoghan, Martin, til å kasta opp av. Det er så påteke, alt saman. Så nervegnurande tilgjort. Om det finnast djupare samfunnskritikk eller anna tankeføde bak staffasjen, klarar eg ikkje å sjå det. No skal ikkje det vera eit kriterium for kvalitet, for all del, men med så alvorlege dilemma som det som trer fram i filmen, blir hemnmotivet så søkt at eg ikkje kjøper det. Og det er kanskje problemet mitt: Eg kjøper ikkje Yorgos Lanthimos’ fikse, makabre vriar. The Killing of a Sacred Deer vert etter mitt syn kunstig for kunstens skuld.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Sofi Oksanen er av dei forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.
Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons
Vald mot kvinner som våpen
Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
Studentar mot politi ved Columbia- universitetet 30. april, då Palestina- aktivist-leiren skulle rivast.
Foto: Caitlin Ochs / Reuters / NTB
Ekko frå sekstiåra
Demonstrasjonane mot Israel og Gaza-krigen på universitet i USA vekkjer til live minnet om studentoppstandane i seksti- og syttiåra.
Eit portrett av filosofen Germaine de Staël, ein sveitsisk filosof som levde og virka 17- og 1800-talet. Ho er ei av fleire kvinnelege filosofar som har fått meir merksemd dei siste åra, ikkje minst takka vere arbeidet til filosof Kristin Gjesdal.
Filosofiske forviklingar
Professor Tove Pettersen meiner filosofifaget har eit likestillingsproblem.